Endeleg fekk dei reise heim etter ein ufrivillig lang juleferie

Etter fleire dagar isolert frå omverda opna i dag vegen til Fresvik att. Då kan dei som har feira jula i den vesle bygda omsider kome seg heim.

Agnar Bøthun og famlien har feriert i Fresvik i jula.

HEIME PÅ FERIE: Saman med familien har Agnar Bøthun feriert i Fresvik. I dag fekk han reise heim att til Voss.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– Ferien har vore kjekk, men det har vore vanskeleg sidan straumen var vekk og vegen var stengt, seier Agnar Bøthun om julefeiringa i Fresvik.

Søndag 29. desember gjekk det eit ras som stengde vegen inn til den vesle bygda som ligg ved Sognefjorden. Over 200 personar vart utan veg og straum.

– Vi har kosa oss med stearinlys, seier han.

Romjula vart ikkje som dei hadde tenkt seg då naturkreftene slo til. For utan straum kunne det ha blitt kummerleg.

– Vi har eit aggregat ståande, slik at vi får lys og straum. Vi lyt vere førebudd når vi bur her inne, seier fresvikjen.

Opnar vegen mellom Fresvik og Feios.

OPNAR VEGEN: Her er entreprenøren i ferd med å opne den rasstengde vegen. PÅ grunn av uvêret vert vegen nattestengd mellom klokka 21 i kveld og klokka 07 fredag morgon.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Klokka 16.00 opna vegen etter å ha vore stengd sidan søndag. Då står familien klar for å kome seg heim til Voss.

– Vi har måtte ta fri frå jobb og skule sidan vi ikkje kom nokon veg, men ungane nekta ikkje, ler han. Heldigvis har det ordna seg.

Har det i tankane

Bøthun seier han tenkjer på rasfaren langs vegen. Spesielt tenkjer han på dei som bur der og må fare langs det han kallar ein stygg veg.

– Det er verre for dei som må bruke vegen til vanleg, til dømes skuleungdom.

Ei som kvir seg for kva som kan skje langs vegstrekka er Gyda Bøthun i Fresvik Produkt.

Kvar dag har ho 10–12 tilsette som pendlar den rasutsette vegen til Fresvik.

– Det skal så lite til våre tilsette eller andre vegfarande kjem opp i eit ras, seier ho.

Gyda Bøthun.

BEDRIFTSLEIAR: Gyda Bøthun i Fresvik Produkt slapp unna problem på grunn av vegstenginga denne gongen, då dei hadde juleferie.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Redda av romjulsferien

Bedrifta i bygda hadde ikkje produksjon i jula, noko som gjorde til at dei ikkje vart spesielt råka. Gyda Bøthun er klar på at det kunne ha fått større konsekvensar om straumen forsvann og vegen vart stengd ei vanleg produksjonsveke.

– Vi har ingen plan B. Vi treng open veg for å få tilsette på jobb og varene ut. Det er ingen andre vegar til bygda og det er ikkje båtruter, seier ho.

For familien til Agnar Bøthun har det vore tradisjon å feire jul i Fresvik. Sjølv om vêrgudane denne gongen set sitt preg på feiringa, blir det ikkje slutt på tradisjonen.

– Det er ofte litt komplikasjonar med vêret jul- og nyttårshelga, men det blir ikkje slutt på å feire her, det blir det ikkje, seier han.

Men det går ikkje lang tid før han tek turen til Fresvik att.

– To veker, ein liten månad, så er vi her att, seier Bøthun.