NRK Meny
Normal

I dag opna Skålabu

Den nye hytta på toppen av Skåla har allereie vore ferdig ei stund, men i dag var endeleg den offisielle opninga.

Opninga av Skålabu

KLIPPING AV SNOR: Her vert den raude snora klypt for å signalisere opninga av den nye turlagshytta på Skåla

Foto: Helene Ødven

– Vi er så stolte og utruleg glade for å ha fått opp denne hytta, seier dagleg leiar, Helene Ødven i Bergen- og Hordaland turlag.

I dag kunne dei endeleg opne turisthytta, Skålabu på fjellet Skåla. Prosjektet har kosta om lag fem millionar, og er fullt og heilt finansiert eksternt.

Doblar besøkstala

Hytta stod klar i oktober, og sidan då har dei allereie hatt om lag 500 besøkande innom. No er Ødven budd på å ein sesong med enormt mange besøkande på Skåla-fjellet.

– Det er allereie ei dobling i besøkstala. Det kjem til å komme veldig mykje folk i sommar. Denne hytta har fått mykje merksemd både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, seier Ødven.

Skålabu
Foto: Ole Dag Auflem

Hytta vil ha ein hyttevert heile sommaren som tek imot besøkande på toppen. Ødven anbefaler alle som tek turen til å overnatte i den nye hytta.

Skålatårnet i Stryn

VIL FRAMLEIS VERE I BRUK: Det gamle Skålatårnet frå 1891 vil framleis vere i bruken om sommaren, medan Skålabu blir einaste hytte på vinteren.

– Eg stod opp tidleg laurdag og fekk med meg soloppgangen ved Jostedalsbreen. Det var berre heilt magisk. Verkeleg eit eventyr å vere her oppe, seier ho.

Også utover hausten vil det vere hyttevertar på Skålabu, men då berre i helgene. Skåla er også eit populær turmål om vinteren, og då vil den nye hytta fungere som einaste overnatting på fjellet. Om sommaren vil ein likevel kunne nytte den gamle hytta, Kloumanstårnet frå 1891.

Skålabu har vore stengt i helga i samband med opninga, då eit titals menneske hadde teke seg opp for å vere med på opninga. Resten av sommaren er hytta open med kring 20 sengeplassar, og 10 ekstra madrassar.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast