NRK Meny
Normal

I dag opna endeleg ferjekaiane: – Ein stor dag

GULEN/HØYANGER (NRK): I dag var det endeleg offisiell opning av dei nye ferjekaiane i Lavik og på Oppedal. Sentral i feiringa var verdas første batteriferje, MF Ampere.

Opning av Oppedal ferjekai

– Då erklærer eg ferjeleiet for opna, sa statssekretær Tom Cato Carlsen (Frp) då han klipte snora under opninga av Oppedal ferjekai i Gulen.

Då korpset like etter spelte opp med nasjonalsongen er feiringa og opninga av dei to ferjekaiane i gang.

Deretter tok Ampere turen over Sognefjorden til Lavik ferjekai i Høyanger. Begge stader var det lagt opp til storstila feiring med talar, korps, kulturelle innslag og snorklipping.

Regjeringa stilte med statssekretæren, og i tillegg kasta regionvegsjef Helge Eidsnes og ordførarane frå vertskommunane Gulen og Høyanger lys over feiringa.

Opning Oppedal ferjekai

OPPEDAL: På Oppedal ferjekai spelte Brekke skulemusikkkorps opp til fest med nasjonalsongen då den offisielle opninga starta klokka 11.00.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Ein stor dag

Behovet for betre kaiar og fleire ferjer på strekninga kom av stor trafikkauke, og eit aukande tal bilar som måtte stå att for å vente på neste ferje på den viktige strekninga langs E39 på Vestlandet.

– Dette er ein veldig stor dag. Dette var tidlegare ein trafikkflaskehals, og no er det blitt to strokne ferjekaiar, seier Høyanger-ordførar Petter Sortland (Ap).

Jobben med den nye ferjekaien i Lavik starta ved påsketider 2013, og ved nyttår 2015 opna den nye kaien med betre tilkomstveg, større plass og tre ferjer med 20-minutts avgangar på strekninga

Opning Lavik ferjekai

LAVIK: Mykje folk samla på Lavik ferjekai, der festprogrammet held fram med servering, talar og korpsmusikk.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Viktig løft for Lavik som bygd

Både på turen over fjorden og på Lavik ferjekai var det lagt opp til servering, for å feire den offisielle opninga av dei nye kaianlegga. Bygginga er utført av hovudentreprenørane NCC og PEAB, og har teke litt over to og eit halvt år.

Det er i Lavik dei største utbetringane er gjort i samband med kaibygginga. Ikkje berre er det bygt ein flunkande ny oppstillingsplass, to ferjelemmar og ein stor parkeringsplass til nærare 300 millionar kroner. E39 er lagt utanom sentrum, som og har fått ei oppgradering med blant anna nye sykkel og gangvegar. Fleire bygningar på den gamle kaien måtte rivast, deriblant nærbutikken som no har flytta opp til bensinstasjonen.

Ett er rundt 20 års kamp for å få E39 ut av sentrum var ordførar Petter Sortland i Høyanger er ein svært nøgd mann i dag.

Det har blitt eit fantastisk flott anlegg og vi er takksame for den jobben som vegstyresmaktene har gjort i vår kommune, seier Sortland.

Vegsjef på Vestlandet, Helge Eidsnes, meiner at det er to flotte ferjekaianlegg som i dag får si offisielle opning.

– Vi synest det har blitt fint, og vi har lagt stor vekt på estetikk når vi planleggjer og prosjekterer. Det er det gjort her også. Entreprenørane har gjort ein fin jobb.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.