Hopp til innhold

– Eg er kjempestolt og glad fordi vi no har ein veg som held 365 dagar i året

FILEFJELL (NRK): Etter ei tre år lang anleggsperiode opna i dag 20 kilometer av nye E16 mellom Valdres og Lærdal. Strekninga er den tredje av totalt fire delprosjekt, der det siste etter planen skal opne neste haust.

Snorklipping ved Filefjellstunnelen

GLEDE: God stemninga ved opninga av del tre av nye Filefjellsvegen. Frå venstre ser vi: Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim, Regionvegsjef Vest i Statens vegvesen Helge Eidsnes, Regionvegsjef Øst i Statens vegvesen Per Morten Lund og ordførar i Vang Vidar Eltun.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vidar Eltun

Stolt: Ordførar i Vang kommune, Vidar Eltun seier det er mange som har stått på for å få til nye Filefjellsvegen.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

– Eg er kjempestolt og glad fordi vi no har ein veg som held 365 dagar i året slik at både næringstransport og andre kan kome seg trygt over fjellet, seier ordførar i Vang kommune, Vidar Eltun.

Han seier at Vegvesenet har lova at vegen over Filefjell skal bli den mest versikre fjellovergangen i Noreg.

– Vegdirektør Terje Moe Gustavsen har nesten lova at det no ikkje skal bli vinterstengingar over Filefjell. Ein veit aldri heilt sikkert, men dette vil bli ein så godt som 100 prosent vintersikker veg over Filefjell, seier Eltun.

Hestehandelen

Kjell Opseth

BAKMANN: Mange meiner det er Kjell Opseth sin forteneste at Filefjellsvegen no er i ferd med å bli ein realitet.

Foto: Steinar Lote / NRK

Etter hard strid mellom vegalternativa over Hardangervidda, Aurland-Hallingdal og Lærdal-Valdres, vedtok Stortinget i 1992 at den framtidige stamvegen mellom Oslo og Bergen skulle gå over Filefjell. Dåverande samferdsleminister Kjell Opseth får mykje av æra for at Filefjells-alternativet vann. For å vinne fleirtal, lova han SV å framskunde bygging av jernbane i tunnel direkte mellom Oslo og Hønefoss, den såkalla Ringeriksbanen. (Kjelde: allkunne)

Vidar Eltun fortel at det ligg mykje arbeid bak før denne vegen har kunna bli ein realitet.

– Både eg og forgjengarane mine har stått på for dette. Dette betyr at vestlandet kjem nærmare Austlandet, både hyttefolk og næringsliv vil no finne det langt meir attraktivt å reise denne vegen, seier Eltun.

Ein spesiell dag

Ein som har venta lenge på denne dagen er prosjektleiar for E16 over Filefjell, Odd Erik Haugen. Han seier at det kriblar i magen når vår reporter møter han under opninga i dag.

Prosjektleiar Odd Erik Haugen

UTBETRINGAR: Prosjektleiar, Odd Erik Haugen, listar opp ei rekke med utbetringar som no er gjort på den 20 kilometer lange strekninga som i dag opna på E16.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dette er ein milepæl. Eg skal ikkje nekte for at eg har litt sommarfuglar i magen no, for det er mykje som skal falle på plass logistikkmessig her på opninga i tillegg til sjølve vegprosjektet då, seier Haugen.

Han er glad for å ha vore med på dette prosjektet og meiner utbetringane har vore betydelege.

– For det første har vi no lagt ei fin veglinje over fjellet som fell godt inn i landskapet. Så har vi gjort nokre grep for å sikre vegen. Mellom anna er den no heva 2–3 meter, og vi har bygt eit fresefelt, som er eit eige vegfelt på sida av bilvegen der brøytekantar kan ligge til vi får fresa dei vekk.

  • LES OGSÅ: