Hopp til innhold

I dag opna Bremangersambandet

Med brask og bram vart Bremangersambandet 2 opna av fylkesordførar Åshild Kjelsnes i ettermiddag. – Dette er ein festdag, strålar ho.

– Eg trur eg har mange med meg når eg seier at dette er eit veldig viktig samband, seier ho vidare.

For når det nye veganlegget no har opna betyr det ein anna kvardag for dei som bur i Bremanger. No får ein også endeleg utnytta effekten av Bremangersambandet 1 som stod ferdig for elleve år sidan.

– Dette er også viktig langt utover dette, så dette er ein viktig parsell i den nye framtidige kystvegen, seier Kjelsnes som fekk æra av å klyppe snora på opninga.

Blir like rørt kvar gong

Folk hadde møtt opp i hopetal for å få med seg opninga av vegsambandet. Det nye sambandet omfattar utbetring av vel to kilometer veg mellom Kolset og Leirgulen, utbetring av to krappe kurver og tunnelen på strekninga Leirgulen-Bortnen og ein ny veg og tunnel frå Bortnen til Sørdalsvatnet.

Prislappen ligg på rundt ein halv milliard kroner og betyr i praksis at vegen frå Bremangerlandet til Svelgen er korta ned med 40 kilometer.

At så mange glade og forventningsfulle innbyggjarar har møtt opp gjer inntrykk på fylkesordføraren. Sjølv om ho har vore med på mange liknande vegopningar.

– Ein blir alltid audmjuk når ein ser kor mykje folk som kjem, og kor mykje flagg det er og kor mykje merksemd det er rundt dette.

– Det viser kor viktig dette er for folk. Det er ein festdag, jublar fylkesordføraren.

(Artikkelen held fram under videoen)

I dag blei den siste biten av det ferjefrie vegsambandet frå Bremangerlandet til Svelgen opna. Og frå i dag er turen inn til kommunesenteret 4 mil kortare enn før og skjer tvers gjennom den vesle bygda Bortnen.

SJÅ TV-SAKA: Ny veg frå Svelgen til Bremangerlandet opna i dag.

Som å sjå eit barn stå på eigne bein

Opningsseremonien skjedde i Bortnen, midt i det nye veganlegget. For å kome seg dit vart Kjelsnes bussa gjennom den nye Bortnetunnelen. Det vekte gamle minne hos Kjelsnes.

– Då vi kom med bussen gjennom tunnelen hugsa eg korleis vi for mange år sidan var her på synfaring med samferdsleutvalet. Då trakka vi rundt her i jomfrueleg terreng, og mange av oss hadde aldri vore her ute no.

No står prosjektet som den gong låg på skisseblokka ferdig.

– Det er litt som å sjå eit barn stå på eigne bein, der ein har vore med heile vegen, seier Kjelsnes.

– Ein gledas dag

Ein annan som er oppglødd i dag er Bremanger-ordførar Karl Vidar Førde.

– Dette er ein stor dag for Bremanger kommune. Verkeleg, ein gledas dag, jublar han.

Ordføraren er trygg på at det nye vegsambandet vil føre til ein heilt annan kvardag for innbyggjarane.

– Vi kjem tettare på kvarandre, og eg trur vi vil sjå positive effektar av det, seier han.

– Vågsøy, Bremanger og Florø blir no tettare knytt i hop, og eg trur dei nord for oss vil ta vegen via Bremanger 2 når dei skal til Førde og vidare sørover.

(Artikkelen held fram under biletet)

Karl Vidar Førde på opninga av Bremangersambandet 2

GLAD: Ordførar Karl Vidar Førde seier vegopninga betyr ein ny kvardag for innbyggjarane i Bremanger.

Foto: Øystein Torheim

Mange som skal ha æra

Det var nokre ungdomar i Ytre Bremanger som fekk ideen om å få til eit fastlandssamband, med ein undersjøisk tunnel under Skatestraumen. Ungdom for fastlandssamband, UFF, er blant dei som skal ha æra for at både kommunen har fått langt betre vegsamband, meiner ordføraren.

– Det var den spede starten, og dei gjorde ein fantastisk jobb. Og det er mange fleire som har jobba saman og stått på for å få dette realisert, seier Førde.

Blant dei han sjølv trakk fram i sin tale var tidlegare ordførar, Svein Kåre Senneset.

– Han var ordførar på den tida då ungdom for fastlandssamband starta arbeidet sitt, og han var med å hjelpe dei fram, seier ordføraren.

Lenge mellom del ein og to

Allereie sommaren 2002 stod første del av Bremangersambandet ferdig. Då hadde ein sikra fastlandssamband for Bremangerlandet, men ikkje før no har ein altså fått full nytte av denne utbygginga.

På grunn av den lange og dårlege vegen til kommunesenteret Svelgen og til resten av hovudvegnettet har ein til no valt å halde fram med ferjedrift mellom Kjelkenes og Smørhamn. Men i dag går bommen ned for godt her.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes vedgår at ein aller helst skulle ha bygd del ein og to av Bremangersambandet samtidig.

– Vi skulle gjerne ha bygd alt saman i eitt, men det er store samband det er snakk om. Det er kostnadskrevjande, og det skal ha plass i budsjetta, og der er det kø av vegar, seier Ap-politikaren.

– No må vi vere glade for at vi har kome så langt, seier ho.

Ein viktig del av kystvegen

Kjelsnes gler seg over at ein med det nye vegsambandet no får utvida eit viktig bu- og arbeidsområde. Bremangersambandet 2 er også viktig for det som i framtida er tenkt som ein samanhengande kystveg.

– Viss vi ser dei lange linjene, så er dette ein viktig del av eit framtidig nord-sør samband ute med kysten.

I sør skal Dalsfjordsambandet stå klart i november, men kor tid andre delar av ein slik kystveg kan stå klar kan ho ikkje svare på.

– Det er vanskeleg å seie når ein får ein gjennomgåande veg. Det kjem an på kva rammer fylkeskommunen får, seier fylkesordføraren.

Opning av Bremangersambandet

FESTDAG: Innbyggjarane hadde møtt opp med flagg for å feire opninga av Bremangersambandet 2.

Foto: Øystein Torheim