Hopp til innhold

Samde etter sju timar maratonmøte

FØRDE (NRK): Etter sju timar med intense forhandlingar bestemte Fjord1-styret og fylkesutvalet seint månag kveld at det skal setjast ned ei arbeidsgruppe for å sjå ulike løysingar for framtida for ferjeselskapet.

Fylkesuvalet og Fylkeskommunen hadde møte om samanslåing av Norled og Fjord 1.

MANGE SAMLA: Styreleiar Reidar Sandal var blant dei mange som deltok på møtet på Scandic Sunnfjord Hotell i Førde måndag kveld.

Rett før klokka 21 måndag kveld kom partane ut frå møterommet og kunne fortelje at dei no er samde om å setje ned ei arbeidsgruppe.

Den skal finne ei ordning som medverkar til at dei to pågåande prosessane i Fjord1 og fylkeskommunen blir samordna best mogleg.

No i ettermiddag og kveld var fylkesutvalet, styret i Fjord1 og fleire andre sentrale personar samla til eit lukka møte på Sunnfjord hotell i Førde. Målet med møte var mellom anna å skape eit betre samtaleklima mellom partane.

– Eg føler at vi har fått eit betre klima for dialog no etter møtet, sa Åshild Kjelsnes til NRK måndag kveld.

Diskuterte ikkje vêret

Kjelsnes innrømmer at dialogen mellom fylkeskommunen som eigar og Fjord1 burde ha vore betre. Det tek ho på si eiga kappe.

– Dette er eit møte som både styret og fylkesutvalet ønskjer. Det er lagt opp til eit kontaktmøte der alle kan setje seg rundt same bord og snakke i lag, sa ho like før møtet starta klokka 14.15.

Tre timar seinare ville ikkje Åshild Kjelsnes seie noko anna enn at dei iallefall ikkje diskuterer vêret. Heller ikkje styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal, ville kommentere kva som skjedde bak lukka dører på møterom 13.

– Vi har eit møte no der vi prøver å etablere best mogleg kontakt. Eg har ikkje noko å seie utover det, var alt Sandal vil seie.

Full splid om fusjon

Rett før påske vart det kjent at Norled og Fjord1 har inngått ein intensjonsavtale om å greie ut grunnlaget for å etablere eit nytt, stort sjøselskap på Vestlandet.

I etterkant har det vore full og offentleg splid mellom fylkespolitikarane og styret. Styret ønskjer at selskapet skal fusjonere med Norled, men eigarane – altså fylkespolitikarane – har bede styret om å oppheve intensjonsavtalen med Norled. Skuldingar om dårleg informasjon har gått begge vegar.

Fylkesutvalet og Fjord1-styret

SAMLAST: Fylkesutvalet og Fjord1-styret er i ettermiddag samla til kontaktmøte.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kjelsnes seier begge partar håpar noko godt skal kome ut av møtet i ettermiddag.

– Eg har håp om noko positivt, seier ho.

– Krevjande klima

– Har dialogen vore for dårleg mellom Fjord1-styret og eigaren fylkeskommunen?

– Eg har sagt det kan vere krevjande frå mi side og det har eg teke på meg. Eg har vore tydeleg på at eg ønskjer å betre den frå mi side. Eg meiner styret har informert godt opp gjennom tidene.

– Det kan virke litt uforståeleg for folk flest at styret vil fusjonere, medan eigaren er meir usikker. Kvifor er det viktig å få avklart dette?

– Alle ønskjer det beste for selskapet og det viktig at vi gjer vedtak og grep som fører oss i den situasjonen. No er det viktig at vi bruker den tida vi treng. Så lenge vi har ein god dialog, skal ikkje klokka vere avgjerande, seier ho.