NRK Meny
Normal

I dag må Sogndal vinna

Sogndal har moglegheita til å ta eit steg ut av nedrykkssumpen, om dei slår Vålerenga på bortebane i kveld. Startoppstillinga er klar.

Brann - Sogndal 2-0, Cato Hansen (t.v.)

Kjem Cato Hansen si fyrste scoring i Sogndalsdrakta i dag?

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogndal ligg over streken, men berre på betre målskilnad enn Sarpsborg 08.

Følg Vålerenga - Sogndal her, minutt for minutt, frå klokka 18.00.

Sogndal startar med dette laget: Kenneth Udjus, Mats Solheim, Vegar Gjermundstad, Isak Scheel, Per Egil Flo, Ørjan Hopen, Elvis, Henrik Furebotn, Eirik Bakke, Ole Jørgen Halvorsen og Cato Hansen.

På benken er: Joe Bendik, Espen Næss Lund, Gustav Valsvik, Espen Olsen, Ulrik Flo, Tore André Flo og Tonny Brockmann Christensen.

– Bra sjanse

Etter det pinlege 4-0-tapet for Haugesund på onsdag, er Harald Aabrekk sine menn klare til å reise kjerringa på landslagsarenaen i dag.

Håvard Flo

Assistenttrenar og toppspelarutviklar Håvard Flo. Flo er oppteken på eit trenarkurs i kveld, og kjem ikkje til å fylgja kampen frå Sogndal-benken.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Eg trur me har ein bra sjanse til å ta tre poeng i dag, seier assistenttrenar Håvard Flo.

Sogndal må ligg på 14. plass på tabellen, og berre to mål betre målskilnad enn Sarpsborg 08, gjer at dei ikkje er under streken.

– Kompakte

– Me må vera kompakte bak på bana, og nekta Vålerenga å skaffa seg rom, seier Flo.

Det blir veldig viktig for Sogndal i dag, då Martin Andresen har stadfesta at Veigar Páll Gunnarsson startar for Vålerenga.

– Me veit at me vil få sjansar framover på bana . Det handlar berre om å unytta dei sjansane me får, so vil måla koma, seier Flo.

Det blir ekstra viktig i dag, for Vålerenga er enda tettare enn Sogndal bakover: berre 20 avslutningar har gått i mål bak Lars Hirschfeld i Vålerengamålet.

Det er framover på bana Sogndal har slite mest so langt i sesongen. Dei har stusslege 11 mål denne sesongen, noko som gir eit snitt på berre 0,64 mål per kamp. Til samanlikning har Molde, som leiar Tippeligaen, 2,05 mål per kamp i snitt. Vålerenga er om lag midt på treet, med 1,19 mål per kamp.

Elvis tilbake

Ahyee Aye Elvis i duell med Fredrik Björck

Elvis er tilbake frå sjukdom og med i troppen mot Vålerenga.

Foto: Rune Fossum

Ahyee Aye Elvis er tilbake frå sjukdom, og klar for dagens kamp. Elvis har synt seg å vera ein ekstremt viktig spelar for Sogndal i år, og den duellsterke ballartisten frå Elfenbenkysten er ein viktig brikke for å unngå å sleppa inn mål på dødballsituasjonar.

Even Hovland slit framleis med lysken sin, og Barry Kader er òg ute med skade.

Speleklar danske

Tonny Brockmann og Håvard Flo

Tonny Brockmann Christensen (t.v.) og Håvard Flo. Dansken er med i dagens tropp.

Foto: Rune Sjøberg / Sogndal Fotball

Det håpar Sogndal sin nye signering, den danske 22-åringen Tonny Brockmann Christensen, å gjera noko med. Han er speleklar og med i troppen, og Flo utelukkar ikkje at han kan få speletid i dag.

– Han har hatt nokre treningar med oss denne veka, og han har gjort det bra. Han er absolutt speleaktuell i dag, seier Flo.

Christensen er hovudsakleg kantspelar, men kan nyttast i alle offensive posisjonar.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast