Hopp til innhold

I dag lossa dei sin aller første fangst med nyebåten

MÅLØY (NRK): Den splitter nye garnbåten Fanøyvåg lossa i dag 100 tonn fisk frå sin aller første tur.

Geir Henning og Jonny Seljeseth

TRIVST: – Eg kjem iallfall ikkje til å gje meg som fiskar enno, seier t.h. Jonny Seljeseth, her saman med sonen Geir Henning.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Vi lossa 80 tonn sei, ein del lange, lyr og torsk, samt uer og brosme, seier Jonny Seljeseth (58), som saman med sonen Geir Henning eig båten.

Jonny Seljeseth frå Batalden i Flora har eit langt liv bak seg som fiskar.

– Eg var nok berre fire-fem år då eg var med faren min på linefiske, seier Seljeseth, som kjøpte sin første båt då han var 17 år.

Lett å få tak i folk

– Eg var først med på ein linebåt i eit års tid. Så kjøpte eg båt sjølv, og sidan har eg hatt det, seier Seljeseth.

Men miljøet har endra seg på dei åra Seljeseth har drive på.

– Mange båtar og folk har forsvunne, så det er lite att no mot korleis det var. Men dei båtane som er att, er bra, seier Seljeseth.

Å få folk til å jobbe om bord er ikkje noko problem.

– Det blir i grunnen berre lettare å få tak i folk ettersom andre næringar går dårleg, seier Seljeseth.

Vert frosen ned medan dei er på havet

Når dei fiskar sei og torsk vert garna sette på kvelden.

– Og så dreg vi dei rett før det tek til å lysne. På torsken har vi i den seinare tid byrja å dra på kvelden for å få levande fisk og betre kvalitet, seier Seljeseth.

Når fisken kjem om bord vert den bløgga og får blø ut i sjøvatn. Så går han i sløyemaskina, før han blir skylt og vaska og lagd rett i frysaren.

– Her frys vi eit tonn på tre og ein halv time. På ti tonn må frysarane gå heile døgnet, seier Seljeseth.

Har fleire bein å stå på

Kristin Blaalid på Snorre Seafood tek i mot både store og små båtar.

Mykje av fisken vert pakka heil og isa ned, noko vert laga til porsjonspakking, noko går til filet til grossistar og noko til butikkar. I tillegg går noko til røykevarer og lettsalta varer.

– Vi har mange bein å stå på. Ein må vere fleksibel når ein jobbar med både frysevarer og fersk fisk. Det å ta i mot både store og små båtar er viktig for oss for å kunne eksistere, seier Blaalid.