Hopp til innhold

I dag kom skiltet for Noregs nest verste veg opp

Med ordførarane i spissen vart skiltet med Noregs nest verste veg avduka i Hyen måndag kveld.

Norges nest verste veg

AVDUKING: Floraordførar Ola Teigen (Ap) Olav Klungre og Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad avdukar det nye skiltet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Kring 40 personar hadde i måndag kveld møtt fram for å få med seg avdukinga av skiltet som syner at fylkesveg 615 gjennom Hyen har fått den tvilsame æra av å vere kåra til Noregs nest verste veg.

– Poenget med skiltet er at vi skal verte sette på kartet bokstavleg tala, seier Olav Klungre som er styreleiar for Midtvegen 615.

I den storstila, men uoffisielle kåringa som vi i NRK stod for, kom fylkesveg 615 gjennom Hyen altså på andreplass bak E16 Bergen-Voss, som vart kårar til Norges verste veg.

I Hyen har dei fått laga sitt eige skilt for å markere den tvilsame æra.

– Det er snakk om symbol. Viktige symbol kan hjelpe oss vidare i kampen for betre veg, seier Klungre.

Avduking av norges nest verste veg

STORT FRAMMØTE: Mange ville vere med på markering av Noregs nest verste veg.

Foto: Silje Guddal / NRK

Blanda kjensler

– Det er med blanda kjensler at ein avdukar eit slikt skilt, seier Leidulf Gloppestad (Sp) som er ordførar i Gloppen.

Saman med ordføraren i Flora, Ola Teigen, stod Gloppestad for avdukinga av skiltet.

– Det skulle ikkje vere naudsynt, og helst skulle ein ynskje at ein slapp. Samstundes er det kjekt at vi gjennom denne kåringa kan få sette søkelyset på behovet for å få gjort noko med denne vegen, seier Gloppestad.

Under avdukinga kom Gloppen-ordføraren med ei lite stikk også til fylkeskommunen. Då han sa at han fekk ansvaret med å sette opp skiltet, men at det var fylket sitt ansvar å sørge for at det vart tatt ned igjen.

– Det er fylket som er vegeigar, og potensialet for trafikken mellom Nordfjord og Sunnfjord langs denne vegen er stort, seier Gloppestad.

Hjelm for reisesjuke

TRYGGE I TRAFIKKEN: Leiar i samferdsleutvalet, Noralv Distad og Flora- ordførar Ola Teigen (Ap) fekk kvar sin hjelm med reisesjuketablettar hendig teipa på toppen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Før eller seinare så må det skiltet ned, og vi vil jo helst ikkje slike skilt som markerer dårlege vegar, seier Noralv Distad som er leiar i samferdsleutvalet.

Men derifrå til love pengar til ei skikkeleg opprusting er nok vegen litt lenger.

– Dei neste fire år kjem det ein del pengar til utbetringar. Men behovet for utbetringar på denne vegen er stort, så her som mange andre stader så må ein ha tolmod, seier Distad.

Hjelm for reisesjuke

Saman med Flora-ordføraren fekk han før heimreisa udelt hjelm med reisesjuketablettar. Dei fekk han heldigvis ikkje bruk for i dag.

– Som unge vart eg svært lett bilsjuk, så eg veit korleis det kan vere å køyre på dårlege og svingete vegar. Så får vi håpe at det resultere i at vegen vert utbetra, seier Distad.

Håpar gjer dei også i Hyen, for sjølv om det måndag kveld var markering med mykje skjemt og moro, er alvoret aldri langt unna. Mange er rett og slett redde for å sende ungane sine med skulebussen på den utsette vegstrekka.

– Det forstår vi. Eg er heldigvis ein person som ikkje får angst når eg køyrer på vegen, men det er nok av dei som får det. Det skal vi ha respekt for, og då er det på ein måte litt tviegga å lage ei stor sak rundt nest verste veg, men eg trur det er viktig at vi set fokus på å få utbetra vegen, seier Klungre.