NRK Meny
Normal

I dag kom siste biten på plass

Laurdag var det klart for montering av den siste store biten av Loftesnesbrui i Sogndal.

Laurdag var det klart for montering av den siste store biten av Loftesnesbrui i Sogndal.

MIDTSPENNET PÅ PLASS: Sjå korleis det gjekk føre seg siste store biten på Loftenesbrui skulle på plass. Foto Christian Blom, NRK.

Sjølve brua har kome i tre store deler frå eit verft i Polen. Denne veka har dei enorme metallkonstruksjonane møysomeleg blitt heiste på plass ein etter ein.

Prosjektleiar Gunnar Solbakken i Statens vegvesen vedgår at han hadde litt sommarfuglar i magen før midtstykket skulle løftast på plass laurdag.

– Det var jo det. Det har vore litt merksemd rundt dette, og då ynskjer ein alltid at det skal gå bra, seier Solbakken.

Gå til forsiden

Loftesnesbrui

Loftesnesbrui

Loftesnesbrui

7 bilder

    Små marginar

    Sidespenna som kom på plass tidlegare i veka veg 430 tonn kvar , og sjølv om det er store konstruksjonar er marginane små når dei skal monterast saman.

    – Det er store lengder og mykje som skal passa på plass, så det var vel noko av det eg var aller mest spent på. Men vi hadde gjort gode målingar på førehand, så vi var ganske trygge på at det skulle gå bra, seier Solbakken.

    Gunnar Solbakken

    SISTE BIT PÅ PLASS: Gunnar Solbakken er prosjektleiar i Statens vegvesen.

    Foto: Statens vegvesen

    I løpet av nokre timar laurdag føremiddag vart midtpartiet heist på plass, og den nye Loftesnesbrui ser no ut som ei bru.

    – Det er godt å vere ferdige med det, og vite at det ikkje vart skadar, verken på folk eller utstyr, seier Solbakken.

    Den nye Loftesnesbrui på rv5 som skal erstatte den gamle brua frå 50-talet, har no fått sin fyrste av tre delar som utgjer bruspennet.

    LOFTESNESBRUI TEK FORM: Det eine sidespennet blir sett på plass. Sjå korleis det gjekk føre seg. Foto: Ahmad Dean, NRK

    Håpar på opning i desember

    Sjølv om brua no ser ut som ei bru, er det mykje arbeid som må gjerast før dei første bilane kan trille over.

    – På avstand ser den nok ferdig ut, men no skal det gjerast eit omfattande betongarbeid med å støype dekke på brua, seier Solbakken.

    I tillegg vert det også mykje betongarbeid på rundkøyringa som skal byggast på Songdals-sida.

    – Går alt etter planen så skal trafikken kunne gå over den nye brua i byrjinga av desember, seier Solbakken.

    Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
    Første i Norge som har vektløfting som valgfag.