Hopp til innhold

I dag kjem svara frå granskarane

I dag blir styret i Helse Førde orienterte om innhaldet i granskingsrapporten mot føretaksleiinga.

Styret i Helse Førde

VARSLARSAK: Styret i Helse Førde diskuterer granskingsrapport.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

I september kom dei første signala om ei gryande konflikt innanfor Helse Førde. I eit brev til styret varsla ti av dei tillitsvalde for dei største forbunda om uro i føretaket og frykt for ansvarspulverisering i samband med den pågåande omorganiseringa av føretaket og dårlege prosessar.

Berre ein månad seinare kom eit nytt brev frå dei ti fagforbunda, der dei varsla mistillit mot leiinga i helseføretaket. Leiinga vart skulda for uryddige prosessar, dominerande leiarstil og brot på helseføretakslova.

Ut over hausten dukka det også opp ei varslarsak mot viseadministrerande direktør Vidar Vie. Etter det NRK kjenner til botna varselet i leiarstilen til Vie .

Det er to ulike saker, men dei fell saman i tid, det er element som går igjen i begge. Det er naturleg å gjere ein felles gjennomgang på det, sa styreleiar Agnes Landstad til NRK i november.

Krisa var då blitt så omfattande at styret leigde inn eksterne konsulentar for å granske. Konsulentselskapet AFF i Bergen, og advokatfirmaet Steenstrup og Stordrange fekk i oppdrag å gå igjennom leiarskapen i Helse Førde.

Konsulentane nytta både desember og januar til å undersøkje forholda, mellom anna har dei intervjua eit høgt tal tilsette. I føremiddag vert resultatet frå granskinga lagt fram for styret.