NRK Meny
Normal

I dag kjem dei første asylsøkjarane til Innvik

Det nye asylmottaket med base på Langvin i Innvik tek i ettermiddag imot dei første asylsøkjarane.

Stryn statletge mottak - Langvik i Innvik

HOVUDKVARTERET: Stryn statlege mottak blir administrert frå den tidlegare jordbruksskulen på Langvik i Innvik.

Foto: Silje Guddal / NRK

Dagleg leiar Frode Bakken på Stryn statlege mottak seier han og resten av dei tilsette er klare til å ta seg av dei som kjem.

– Vi har førebudd oss godt, så vi skal gjere så godt vi kan. Eg er sikker på at det skal bli veldig bra. Vi skal informere dei godt og syte for at dei blir tekne godt imot. Vi har tolkar på plass og er 100 prosent førebudde på oppgåva.

Bakken ventar åtte personar i ettermiddag, i morgon kjem ni til.

– I løpet av helga har vi på plass omtrent halvparten av dei 40 vi i første omgang ventar på.

Frode Bakken

KLAR MED DET MESTE: Dagleg leiar Frode Bakken i Stryn statlege mottak med lageret av kvitevarer som dei nye innbyggjarane skal ha.

Foto: Silje guddal / NRK

Har skaffa hus til 40

Dei åtte som kjem i dag er frå Syria. Dei skal bu i hus som mottaket har leigd i Innvik. Bakken seier dei har skaffa husvære til alle dei 40 som kjem i første omgang, det vil seie innan 1. desember.

Norsk Mottaksdrift arbeider med å skaffe fleire husvære, men det er ikkje Frode Bakken sitt ansvar.

– Eg skal ta ansvaret for dei som kjem, det er andre som administrerer den delen.