Hopp til innhold

I dag kjem avgjerda – Hemsedalsforkjemparane ser dårlege teikn

Senterpartiet lovar kamp om det er Hardangervidda som blir valt som den nordlege hovudvegen mellom aust og vest.

Hardangervidda og Hemsedal på kart

HER ELLER DER: Vegen over Haukelifjell er vald som ein stamveg mellom aust og vest. Skal trasé to gå over Hardangervidda eller Hemsedalsfjellet, det er det store spørsmålet.

Foto: NRK/Google

– Magekjensla har vore god, for vegvesenet har vore tydelege på at Hemsedal er riktig val. Men, når det er Trond Helleland som kallar inn til pressekonferanse på Geilo, så blir eg litt uroa, for han har vore ein ivrig forkjempar for Hardangervidda, seier Aleksander Øren Heen frå Senterpartiet.

Før helga vart det klart at avgjerda om det blir Hemsedalsfjellet eller Hardangervidda regjeringa vil satse på, kjem på måndag.

Avgjerda har vore utsett fleire gonger, og forkjemparane på begge sider er særs spente på kva som blir lagt fram. I september kom Statens vegvesen med sin konklusjon, som peika på Hemsedalsfjellet som beste valet.

Hardangervidda og Hemsedal på kart

HER ELLER DER: Vegen over Haukelifjell er vald som ein stamveg mellom aust og vest. Skal trasé to gå over Hardangervidda eller Hemsedalsfjellet, det er det store spørsmålet.

Foto: NRK/Google

– Vi støttar Hemsedalsfjellet. Det er den beste, mest trafikksikre, rettaste, kortaste og miljømessig beste vegen. Eg håpar næringa blir lytta til, for det er vi som skal bruke vegen resten av livet, seier fylkesleiar i Norges lastebileigarforbund, Rolf Olav Tenden.

Håp i den andre leiren

Pressekonferansen skal vere på Geilo, noko Heen fryktar er nok eit signal på dårleg nytt.

– Eg vil ikkje tru det blir lagt fram eit val som ikkje går forbi Geilo når pressekonferansen er der. Det er eit urovekkande teikn. Eg fryktar det verste, men skjønar ikkje det heilt.

For dei som arbeider for å få vegen over Hardangervidda blir valet av Geilo tolka som eit positivt teikn.

– Vi har forventingar om å få eit etterlengta svar. Så håpar vi det er eit godt teikn at det kjem på Geilo, og det som må seiast å vere ein riksveg 7-venleg

Harald Victor Hove

KAMP: Harald Victor Hove som jobbar for riksveg 7 Hardangervidda torer ikkje å ta nokon ting på forskot.

Foto: Runa Victoria Engen

konferanse, seier Harald Victor Hove, som jobbar for Hardangerviddatunnelene.

Uansett kva utfallet blir så lovar begge sider av saka kamp til døra.

– Eg veit at ingenting er verdt noko før det er vedteke, så det blir uansett ein hard kamp fram mot nasjonal transportplan i Stortinget i juni, seier Hove.

– Eg har tolka det slik at det er mange parti som er for Hemsedal, og at det i grunn berre er Høgre som ynskjer Hardangervidda. Eg trur at skulle regjeringa gå for Hardangervidda, så er det gode sjansar for å få eit anna vedtak til slutt, seier Heen.