NRK Meny
Normal

I dag kan Sogndal spele seg inn på øvre halvdel av tabellen

Viss Sogndal slår Viking i kveld passerer dei både Viking og Molde på tabellen. Det vil vere eit kvantesprang opp i rett ende av tabellen.

Eirik Bakke

PRESTASJON: - Eg er ikkje så oppteken av tabellen. Men det er klart at med tre poeng i dag, tek vi steget sikkeleg opp blant topp sju, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Men Bakke brukar lite energi på tabellplassering.

– Eg er mest oppteken av kva vi presterer på bana. Vi skal vere gode på heimebane og vanskelege å spele imot, seier Bakke.

Men det er uråd å leggje skjul på at dagens kamp er viktig for å få Sogndal hakket opp på tabellen, og over midten.

Før kampstart ligg Viking på 8. plass på tabellen med 27 poeng, medan Sogndal ligg hakk i hel med 26 poeng. Men Viking har ein kamp mindre spelt. Med tre poeng kan spelarane frå saftbygda syne rogalendingane ryggen, samt at dei også passerer Molde, som ligg på 7. plass med 28 poeng.

Laster innhold, vennligst vent..

Kan slå seg meir lause

Haugesund har også 28 poeng og ligg på 6. plass, men spelar klokka 15.30 borte mot Stabæk, og kan difor sikre seg poeng før Sogndal skal i elden.

– Det handlar om om vi klarar å ta steget vekk frå botn og vere med skikkeleg oppe blant topp sju, eller om vi framleis må kjempe litt mot dei bak oss. Med siger i dag er vi godt forspent med poeng, og då kan vi kanskje slå oss litt meir lause i kampane som kjem, seier Bakke.

Han er klar på at dei er budde på hard kamp om poenga.

– Viking er eit godt bortelag. Dei har vore betre borte enn heime, så vi ventar ein jamn, tøff kamp. Det er eit lag som ligg og vil kontre på oss, litt slik som Bodø/Glimt, seier Bakke.

Har utfordring på kantane

Etter at både Gilbert Koomson og Lars Christian Kjemhus noterte seg for sesongens tredje gule kort då dei møtte Haugesund førre helg, er begge suspenderte i dagens kamp.

– I tillegg er Hannu Patronen ute med ein strekkskade i låret. Me får litt utfordring på kantane, når ein tenkjer på korleis vi har spelt dei siste ti-12 kampane. Men me får håpe dei som kjem inn, nyttar sjansen dei får til å syne

Gilbert Koomson på trening med Sogndal

UTE: Både Gilbert Koomson (biletet) og Lars Christian Kjemhus må sjå kampen frå sidelinja sidan dei sonar karantene etter å ha fått tre gule kort kvar denne sesongen.

Foto: Rune Fossum / NRK

seg fram, seier Bakke.

Spelar Sogndal uavgjort, eller vinn, går dei mot sin 12 kamp utan tap. Men Bakke kjenner ikkje på presset av den grunn.

– Eg trur det er litt motsett. Gutane spelar med låge skuldrer. Trur det hadde vore verre med 12 kampar utan å vinne, seier Bakke.

Dette er troppen Eirik Bakke har teke ut til kampen:

Mathias Dyngeland, Stefan Hagerup, Taijo Teniste, Magnus Pedersen, Bjørn Inge Utvik, Christophe Psyché, Victor Grodås, Jukka Raitala, Rune Bolli Bolseth, Vegard Moberg, Mahatma Otoo, Ole Amund Sveen, Kristian Fardal Opseth, Edin Øy, Eirik Birkelund, Martin Ramsland, Ruben Holsæter og Henrik Furebotn.

Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.