Hopp til innhold

I dag kan Sogndal rykka ned

SOGNDAL (NRK): Eirik Bakke har trua på at Sogndal vil få moglegheita til å avgjera nedrykksstriden på eiga hand om ei veke. Men alt i dag kan dei rykka ned.

Bjørn Inge utvik

TENNING: Bjørn Inge Utvik (i midten) og trenar Eirik Bakke (bak til høgre) fortel at dei har hatt ei veldig god treningsveke før Stabæk-kampen. Dei har trua på at det blir tre poeng.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Eg håpar og trur me får avgjera det sjølv i siste kampen mot Vålerenga, seier sogndaltrenar Eirik Bakke.

Desse startar for Sogndal: Mathias Lønne Dyngeland - Even Hovland, Kjetil Wæhler, Per Magnus Steiring - Taijo Teniste, Eirik Birkelund, Bjørn Inge Utvik, Eirik Schulze, Ole Martin Rindarøy - Martin Ramsland og Stanisa Mandic.

Benken: Tarjei Omenås, Joachim Soltvedt, Gilbert Koomson, Christophe Psyché, Bendik Bye, Markus Brændsrød og Eirik Skaasheim.

Laster innhold, vennligst vent..

Tung haust

Sogndal har hatt ein tung haust. Samstundes som Sogndal tapte mot Tromsø førre serierunde, sjokkerte Aalesund med å vinna over Rosenborg. Dermed er Sogndal på direkte nedrykksplass, to rundar før slutt.

Dei er eitt poeng bak sunnmøringane, og er dermed avhengige av å ta fleire poeng enn Aalesund for å klatra opp på den beste plasseringa dei kan håpa på: kvalifisering.

Terje Skjeldestad og Eirik Bakke

– KJEM TIL Å FØLGJA AALESUND-KAMPEN: Assistenttrenar Terje Skjeldestad (t.v.) og hovudtrenar Eirik Bakke.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I dag skal Sogndal måla krefter mot middelhavsfararen Stabæk på bortebane. På benken kjem Bakke til å følgja med på både sitt eige lag og Aalesund-kampen. For om Aalesund vinn sin kamp, må Sogndal også vinna for å framleis ha sjanse til å berga plassen.

– Me kjem nok til å følgja med litt på den kampen frå benken. Det kan henda me må forandra på ein del ting utover kampen. Kjem me i ein situasjon der me må gambla mykje, så må me berre hiva innpå mange spissar og scora mål. Eg har veldig trua på at om du gjer jobben sjølv, så får du den hjelpa du treng, seier Bakke.

Det er Sogndal (28 poeng) og Aalesund (29 poeng) det i praksis står mellom. Både Tromsø, Kristiansund og Lillestrøm kan i teorien med sine 34 poeng framleis rykka ned. Men sjansane for det er små.

– Må visa vilje

Bakke har ein nesten fulltalig tropp å velja mellom når startellevaren skal bestemmast. Kjetil Wæhler trente alternativt fredag, men er skadefri og kampklar. Men midtstopparkollega Reiss Greenidge slit med sjukdom, og er usikker framfor bataljen på Austlandet. Det kan opna døra for Bjørn Inge Utvik.

Bjørn Inge Utvik

FEKK SAMLA ENERGI: Bjørn Inge Utvik seier landslagspausen gjorde godt for laget.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Stemninga i troppen er veldig bra. Me fekk samla energi i landslagspausen, så denne treningsveka har vore betre enn me har hatt på lenge. Det blir spanande og gøy, seier Utvik.

– Kva blir viktig på søndag?

– Det laget som får poeng i dei to siste kampane, er det laget som har meste energi og vilje til å stå på. Samstundes handlar det om å ha roa i spelet og at me ikkje stressar for mykje.

– Det handlar om å halda hovudet kaldt, samstundes som me har ein helsikes trykk i det. Det blir nøkkelen, avsluttar han.

Laster innhold, vennligst vent..