Hopp til innhold

I dag håpar Olsson på mål og siger

Sogndal-trenaren trur det blir ein jamn kamp når dei tek i mot gjestane frå Lillestrøm i kveld. Men laget er på ein stigande kurve og Jonas Olsson trur sjansen for siger er stor.

Jonas Olsson

SIGER: Er det Sogndal-trenar Jonas Olsson naturleg nok har mest lyst på i kveld. Sist laga møttes var det Lillestrøm som stakk av med tre poeng.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Sogndal og Lillestrøm ligg begge utsett til på tabellen. Med sine 24 poeng ligg Sogndal hakk i hel på gjestane som har 28 poeng før kveldens oppgjer. Men ein 12 og 13 plass på tabellen er på ingen måte noko å skryte over.

Sist dei to laga møttest var det Lillestrøm som tok tre poeng, etter eit mål heilt på tampen.

– Eg trur det blir ein jamn kamp. Det er to ganske jamne lag, men eg håpar og trur at det at vi har heimebane skal vere avgjerande for at vi vinn kampen, seier Olsson til NRK.no nokre timar før avspark.

– Stigande kurve

Med eit poeng etter 0–0 kampen mot Hønefoss sist helg har laget frå saftbygda kome seg opp på trygg plass, men det blir ein tøff avslutning på haustsesongen.

Olsson gler seg samtidig over at laget no verkar å vere inne i ein god periode.

– Vi gjorde ein bra heimekamp mot Strømsgodset, så var det ein jamn kamp mot Fredrikstad. Deretter hadde vi to veldig gode kampar mot Tromsø og Hønefoss, så vi er på ein stigande formkurve, seier den svenske trenaren.

Etter ein knallstart på sesongen gjekk det fort nedover for Sogndal. Men i det siste har laget altså byrja å ta poeng igjen. Sist runde henta Sogndal heim eit viktig poeng etter 0–0 kampen borte mot Hønefoss, og før der tre poeng etter 1–0 sigeren over Tromsø på heimebane.

Det Olsson skildrar som den jamne kampen mot Fredrikstad enda med 2–1 tap. Kampen før måtte Strømsgodset reise frå bygda etter å ha delt poenga med sognelaget.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kenneth Udjus

MØTER NYEKLUBBEN: Kenneth Udjus vedgår at det blir litt spesielt å møte Lillestrøm - klubben han går til etter sesongen.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Enkel taktikk

Olsson seier han og laget har funne eig god måte å spele på og at taktikken blir enkel.

– Vi skal spele slik vi har gjort dei siste kampane.

– Vi har funne ein bra måte å spele på, og spelarane har følgd taktikken. Eg håpar vi skal gjennomføre kampen på same måte og då har vi store sjansar til å vinne, seier Olsson til NRK.no.

Natt til søndag hadde politiet i Sogndal ekstra beredskap i sentrum. Det var varsla på førehand at fotballpøblar frå Lillestrøm kom på besøk.

Spesiell kamp for Udjus

For Sogndal-keeper Kenneth Udjus blir det ein spesiell kamp i kveld. Han har skrive under kontrakt med nettopp Lillestrøm, og med ein siger til laget frå saftbygda kan Udjus vere med på å dra den framtidige arbeidsgivaren sin inn i nedrykksstriden.

Sjølv lovar Udjus at han skal gi alt for å vere med å sikre Sogndal tre viktige poeng.

– Hovudet mitt er i Sogndal. Eg vil ikkje ha noko nedrykk på CV-en min. Det kjem ikkje på tale, sa Udjus til NRK.no tidlegare i veka.

Satsar på mål på Fosshaugane

Trenar Jonas Olsson er klar på at alle spelarane må gje alt skal dei stikke av med alle poenga.

– Skal vi vinne må alle bidra.

– Eg håpar vi greier å skåre mål i dag, seier svensken.