NRK Meny
Normal

Jon Rolf (18) har ikkje tenkt å gå i same fella to år på rad

Jon Rolf Skamo Hope fekk junior-VM øydelagd av sjukdom i fjor. I år skal han gjere alt rett for å kjempe om medaljar av edlaste valør.

Hyaren Jon Rolf Skamo Hope

VM-KLAR: I dag fekk Jon Rolf Skamo Hope VM-billetten han håpa på. Når han kjem heim går turen rett til Voss og Norgescupen der. – No har eg vore nummer fire to år på rad i samandraget. Eg håpar å ta steget opp på pallen i år.

Foto: Sogn og Fjordane skikrins

– Vi har ein lang flytur føre oss, så det handlar om å få godt med søvn og kvile dei par-tre dagane før vi reiser. På flyet er eg blitt råda til å bruke munnbind og alt mogeleg for å unngå bakteriar, seier det 18 år gamle langrennstalentet frå Hyen.

Vil ha medalje

I fjor vart 18.-plass hans beste plassering, med tanke på sjukdom håpa ikkje Jon Rolf Skamo Hope på meir. Men det tenner også gnisten og viljen til å sikte endå høgare når Park City arrangerer årets VM for juniorar 30. januar til 5. februar.

I dag kom beskjeden om at hyaren får gå sitt andre junior-VM på rad.

– Det er dette eg har jobba mot heile treningsåret. Motivasjonen og lysta til å lukkast, og få ei medalje er svært stor, seier han.

1.800 meters høgde

Difor vil han ikkje la sjukdom spolere denne meisterskapen og vil ta alle forholdsreglar. Dagane fram mot meisterskapen blir han ikkje å finne på Lillehammer.

Heile VM-troppen reiser nemleg til treningsopphald i høgda for venne seg til ein meisterskap i 1.800 meters høgde.

– Eg trur nesten at det er ein fordel for meg at vi konkurrerer i ei slik høgde. Det blir uansett moro å prøve. Det er jo i slike høgder seniorane ofte går, seier han.

I landstoppen

Langrennsløparen har siste åra vist seg som det største langrennstalentet i fylket. Søndag vann han like godt den eldste juniorklassa under Norgescupen på Nes. I samandraget i Norgescupen er Hope nummer to.

Hyaren reknar medaljesjansane som like store i alle disiplinar.

– Det vil eg påstå. Eg har allereie fått klarsignal om duatlon, og så har eg sikta meg inn på stafett og ti kilometer skøyting. Leverer eg opp mot potensialet mitt, så meiner eg å ligge bra an i høve til dei utanlandske, seier han.

Rett til Voss

– Når eg går så fort som eg har gjort no, så har eg moglegheit til pall og kanskje stå heilt øvst også. Det er godt å ta med seg til eit VM, held Hope fram og håpar å kunne gi seg sjølv både ein og to bursdagspresangar til 19-årsdagen 17. februar.

– Det er berre å gå med låge skuldrer, gå bra teknisk og late som det er eit vanleg skirenn. Sjølv om det er vanskeleg i eit VM, humrar han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.