Hopp til innhold

I dag fekk Thea oppfylt jentedraumen

Sidan ho var lita jente, har Thea Hjelmeland drøymt om å både bli nominert og å vinne Spellemannprisen. Måndag kom meldinga ho ikkje våga å tru på.

Thea Hjelmeland får Luttprisen

LUTTPRISEN: I helga fekk Thea Hjelmeland Luttprisen som årets artist i Sogn og Fjordane. Måndag kom nyhenda om dobbel nominasjon til Spellemannprisen.

Foto: Christian Blom / NRK

Plata «Solar Plexus» har gjeve Thea Hjelmeland nominasjon til både beste tekstforfattar og i Indie-kategorien.

Prisen blir delt ut 17. januar under eit direktesendt TV-show frå Stavanger kulturhus.

– Eg har drøymt om å bli nominert, og å vinne, sidan eg var lita jente. Dette er eigentleg ganske villt. Eg har det berre så utruleg bra no, gliser Hjelmeland.

Ekstrem sorg og glede

Kritikarane og publikum har respondert svært positivt etter at plata vart sleppt i midten av september. I helga vart ho kåra til årets artist i Sogn og Fjordane .

Plata kom som eit resultat av ein periode ekstrem glede – og ekstrem sorg .

– Eg vart gravid. Og så fekk vi vite at han hadde ein alvorleg sjukdom, og at han ikkje hadde lenge igjen å leve. Det har vore ein lang prosess. Og ei veldig, veldig tung sorg, fortalde Hjelmeland til NRK i byrjinga av september .

– Veldig spesielt

At det skulle bli to nominasjonar som eit resultat av plata, kom overraskande på artisten. Sjølv om ho kryssa fingrane for ein nominasjon.

Karl Seglem

JAZZ: Årdølen Karl Seglem er nominert i jazz-klassa.

Foto: Oddleiv Apneseth.

I kampen om tittelen som beste tekstforfattar konkurrerer Hjelmeland mot Highasakite, Marit Larsen, Siri Nilsen og Sondre Lerche. I kategorien "Indie", er Bendik, Dark Times, Thea & The Wild med i kampen.

– Å få nominasjon som tekstforfattar er eit veldig godt klapp på skuldra. Eg har jobba så utruleg hardt for å få ut dei tekstane, seier ho.

– Med den forhistoria til plata, så betyr vel nominasjonane ekstra mykje?

– Absolutt. Det totale arbeidet med plata er eit resultat av alt eg har vore gjennom. Men tekstane har vore veldig vanskelege for meg å skrive, samanlikna med musikken som var lettare. Det er veldig spesielt. Det er litt av ein dag i dag.

Stolt over musikkmiljøet

Framover mot utdelinga i midten av januar vil Hjelmeland prøve å dempe forventinga til at ho sjølv kan å få pris. Samstundes gler ho seg stort over at ytterlegare tre artistar og musikarar frå fylket er nominerte.

Martin Tungevaag

FRÅ STAD: Martin Tungevaag er blant dei som kjempar om Årets låt, med låta

Desse er årdølen Karl Seglem i jazzklassa, Arve Henriksen frå Stryn i Opa klasse, samt Martin Tungevaag frå Stadlandet som saman med Emilia er nominert til beste låt.

– Det er heilt fantastisk. Eg saknar veldig Good Time Charlie på listene, men eg er veldig stolt av musikkmiljøet i Sogn og Fjordane. Det er bra å bli anerkjent på dette viset, seier ho.