Hopp til innhold

Heidra ein rørt dansegeneral med fylkeskulturprisen

Ove Henning Solheim fekk i dag det handfaste beviset på at han sjølv og «Dans Uten Grenser» er årets vinnarar av fylkeskulturprisen.

Ove Henning Solheim med fylkeskulturprisen

DELER LIKT: Prispengane vert delte likt mellom Ove Henning Solheim sjølv og organisasjonen «Dans Uten Grenser».

Foto: Birthe Johanne Finstad / Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Dette er stort. Ein blir litt tom. Det er berre så overveldande, sa Solheim etter at han i dag fekk overrekt fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane.

Fylkespolitikarane stod i kø for å hylle Solheim etter at han gjekk av scena. Prisvinnaren skulle helst ønske at han hadde fleire med seg under overrekkinga.

– Å bli heidra av sine eigne gjer eit veldig stort inntrykk på meg. Eg skulle ønske kvar og ein av ungdomane hadde vore med meg på scena i dag.

På ti år har hatt fleire tusen born og unge vore innom danseverkstadane. Av desse har 890 ungdomar gjennomført opplæring hos Ove Henning Solheim.

– Eg deler denne prisen med utruleg mange ungdomar, sa ein rørt Solheim.

– Eit tilbod for alle

Førdianaren la vekt på at det heilt frå starten av har vore spesielt viktig at «Dans Uten Grenser» skulle vere eit tilbod alle kunne ta del i. Det har mange merka seg.

– Ungdomane i Dans Uten Grenser har sjølve skapt mottoet «Ein plass for alle», som dei lever opp til ved å invitere alle inn som deltakarar og elevar. Alle skal kunne vera med å danse, slo nestleiar for hovudutval for næring og kultur, Jakob André Sandal, fast i talen til prisvinnarane.

Solheim la grunnlaget for danseverkstad-modellen, som i dag er mest kjent som «Dans Uten Grenser», då han jobba som fritidsleiar i Rygge kommune. Arbeidet vidareførte han då han flytta heim til Førde i 2003.

Ove Henning Solheim fekk fylkeskulturprisen

FEKK PRISEN: Ove Henning Solheim (t.v.) saman med Jakob Andre Sandal (SV) og fylkesordførar Jenny Følling (Sp)

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Danseverkstadane vart etter kvart knytt til folkehelsearbeidet til fylkeskommunen, og frå 2006 er det etablert danseverkstadar for born og unge mellom ti og 19 år i 13 kommunar i fylket.

Verkstadane vert drive etter ung-til-ung-metodikk, altså at dei unge skal lære opp kvarandre. Tanken er at ungdom har større påverknadskraft overfor unge enn det vaksne har.

Ungdomane får opplæring i korleis undervise i dans, men også i korleis ein går fram for å starte og drive ein danseverkstad.

– Gje ungdom tillit. Gje dei moglegheiter. Gje dei kompetanse til å vere deltakande, aktive og omsorgsfulle i lokalsamfunna sine, og det vil blomstre rundt dei, seier Ove Henning Solheim, som tysdag 6. desember tok imot prisen på 50 000 kroner frå fylkesordførar Jenny Følling.