Hopp til innhold

I dag er vegane farlegare enn på lenge

Mangel på vintervegar har gått ekstra hardt utover dekk berekna for vinterføre.

Trafikkuhell på E39

UHELL: Denne bilen hamna av vegen på E39 mellom Førde og Jølster. Årsaka til uhellet er ukjend, men førar av bilen seier at bilen hadde gode dekk.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Eg trur det er mange som køyrer rundt med så slitne dekk at dei burde skifta dei i dag, seier Ståle Kvammen, innkjøps- og salssjef ved Førde Vulk.

Brukar gamle dekk

Ståle Kvammen

BYTT: Ståle Kvammen i Førde Vulk minner bilistane om kravet om minimum tre millimeter mønsterdjupn på dekka.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Store delar av fylket vakna i dag opp til snø- og slapseføre. Allereie har NRK fått mange meldingar der bilistar blir oppmoda om å ta det med ro. Både i Selje og i Førde har det vore mindre trafikkuhell, men desse har til alt hell gått bra. Årsakene til uhella er ikkje kjende.

Politibetjent Øystein Ellingvåg ved Førde og Naustdal lensmannskontor ber folk ikkje ta sjansar med dekka sine.

– Enkelte køyrer kanskje på gamle, piggfrie vinterdekk som har sett sine betre dagar. Då har ikkje gummien den eigenskapen den skal ha, seier han.

Gode dekk er viktige no

Slitne vinterdekk

SLITNE: Desse piggdekka vart skifta på Førde Vulk i dag. Dei er langt under grensa for det som er lovleg mønsterdjubde på dekk.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Er ein ikkje sikker på om dekka er gode nok, så skal dei bytast. Spesielt på slikt vinter- og slapseføre som det er no, er gode vinterdekk alfa omega for trafikktryggleiken, legg Ellingvåg til og presiserer at han snakkar på generelt grunnlag.

Kvammen erfarer at bilistar ynskjer å spare pengar på å ikkje skifte dekk no, men heller ynskjer å stille til neste vinter med nye dekk.

– Mange av dei som skal byte dekk, har veldig slitne dekk. Folk tenkjer å vente til neste haust før dei byter. Det må nesten fleire dagar med glatt føre til før folk reagerer og byter, seier han.

Skiftar til nye vinterdekk

Den tankegangen som Kvammen nemner er ikkje framand for Kyrre Eikås Ottersen:

– På privaten hadde eg kanskje drøya det til neste sesong ja, seier Ottersen.

Kyrre Eikås Ottersen

ANSVAR: Kyrre Eikås Ottersen har sjåføransvar ute på teaterturne. Derfor tok han i dag turen til Førde Vulk for å skifte til nye vinterdekk.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Han har akkurat kome til Førde Vulk for å skifte til nye vinterdekk på ein leigebil han skal køyre på turne for Sogn og Fjordane teater.

– Eg skal vere sjåføransvarleg ute på turne, og då vil eg ha skikkelege dekk, seier han.

– Ikkje ta sjansar

Ifølgje statsmeteorolog Haldis Berge er det venta meir snø fram til fredag. Då blir det både varmare og våtare.

Ved Førde og Naustdal lensmannskontor oppmodar Ellingvåg bilistane om å ta omsyn til køyreforholda.

– Tilpass farten etter føreforhold og bruk vet. Ta deg betre tid enn du elles ville tatt og ikkje ta sjansar, seier han.