Hopp til innhold

Ulukkestunnelen fyller 25 år

Det var den lengste tunnelen i Nord-Europa då den kom, og ein revolusjon for samfunnet rundt Aurlandsfjorden. Trass i to dramatiske brannar, er Gudvangatunnelen framleis ein tunnel med eit godt rykte.

Bussvraket i Gudvangatunnelen

DRAMATISK: To gonger har Gudvangatunnelen stårr i fyr og flammer dei siste åra. Ein gong i 2013, og ein gong i 2015.

Foto: Veum, Arne / NTB scanpix

– Han var faktisk ein av dei tryggaste tunnelane i landet då han stod ferdig. Dette med mobildekning i heile tunnelen var noko heilt nytt, og det var første gong ein bygde ein tunnel der det gjekk an å snu på utvalde plassar, fortel ordførar i Aurland Noralv Distad.

Mange forbind no tunnelen med dei voldsomme brannane i 2013 og 2015.

For folk i Aurland og i indre Sogn var Gudvangatunnelen fyrst og fremst eit stort samferdsleløft. Nistad hugsar sjølv kor mykje det betydde.

Les også: Flaks at det gjekk bra ein gong til

– Det var eit heilt kolossalt løft, både for Sogn, men også for heile landet. Det var fyrste gongen vi fekk eit ferjefritt vegsamband mellom Oslo og Bergen. Grunnen til at vi i det heile teke kan snakke om Hemsedalsfjellet som ny stamveg i dag, er at vi fekk Gudvangatunnelen for 25 år sidan, seier Distad.

Aurland

FEKK EIT LØFT: Aurland fekk eit stort løft og mange investeringar, etter at Gudvangatunnelen stod klar i 1991

Foto: Alf Vidar Snæland

Utløyste store investeringar

Distad fortel at kampen om å få ein stamveg via Sogn tok til allereie i 1969, og at det er vanskeleg å førestille seg kor mykje det har betydd.

– Etter at Gudvangatunnelen stod ferdig kom det ein investeringsboom i regionen. Det var investert i hotell, butikkar og bensinstasjonar. Til saman snakkar vi om over hundre millionar kroner i kjølvatnet av opninga.

Og sogningane merka med ein gong kor viktig tunnelen var.

– Tidlegare var det ein båttur på over to timar frå Gudvangen til Aurland. Tunnelen samla kommunen, og knytte oss til resten av verda. Ein trengde ikkje lenger å reise til Voss for å nytte tenestene der, seier ordføraren.

Noralv Distad

NØGD: Ordførar i aurland Noralv Distad (H) fortel at tunnelen framleis har positive ringverknader for aurlandssamfunnet

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Han som var ordførar då tunnelen opna, Osvald Turlid, hugsar det heile som veldig stort.

– Det var ei fantastisk oppleving å få vere med på at Aurland vart samla til eit rike, og ikkje minst dei enorme ringverknadene det hadde på heile området rundt, seier Turlid.

Nærøyfjorden - Fjord Norge

NÆRØYFJORDEN: Tidlegare måtte ein ta båt i frå Gudvangen i Nærøyfjorden til Aurland.

Foto: Katrin Moe

Måtte kjempe mot bompengar

På torsdag fekk han ein blomekrans av Aurland kommunestyre i samband med tjuefemårsjubileet. Det gler han å sjå at arbeidet som vart lagt ned for å få på plass tunnelen, framleis ber frukter.

– Det var ein lang kamp, og vi måtte kjempe til siste slutt. Både det å unngå bompengar på vegen, og det å hindre at han vart lagt gjennom sentrum av Aurland var noko som tok tid å få til, fortel Turlid.

I 1991 var det 800 bilar som køyrde gjennom tunnelen i døgnet, i dag er det godt over 2000. Og skal vi tre dagens ordførar, har framleis jubilanten eit langt liv framføre seg.

– Gudvangatunnelen var eit stykkje pionerarbeid då han kom, men no oppgraderer vi han for like mykje som det kosta å bygge han, for å betre tryggleiken.