Hopp til innhold

Sogn og Fjordane opna lommeboka til ein andreplass

I tradisjonen tru er det Aurland som tronar øvst blant kommunane.

tv-aksjonen

109,78: Det var snittet per innbyggjar i Aurland.

Foto: Margunn Tolleshaug

Pengane i år går til Unicef sitt arbeid for å gi utdanning til born råka av krig og konflikt .

Klokka 7 har sogn og fjordingar gjeve til saman 5,5 millionar kroner til TV-aksjonen. Med eit snitt på kring 49 kroner per innbyggjar, gir det Sogn og Fjordane ein andreplass blant fylka.

Det er utruleg bra. Vi kjem på andreplass i verdas største dugnad, så det blir jo ikkje betre enn det, seier fylkesleiar for TV-aksjonen, Martin Malkenes.

Aurland på topp

I Norge har beløpet passert 218 millionar kroner.

Aurland tronar tradisjonen tru øvst blant kommunane her i fylket med eit snitt på 109,78 per innbyggjar. 7. klasse frå Aurland barne og ungdomsskule arrangerte ein turmarsj til inntekt for aksjonen. Heile bygda fekk besøk av bøsseberarar, som Ramsøy i Gudvangen og Tufto på Bakka.

Nedst er førebels Førde med 35,86 kroner.

tv-aksjonen

TURMARSJ: 7. klasse frå Aurland og barne og ungdomsskule arrangerte turmarsj til inntekt for TV-aksjonen.

Foto: Margunn Tolleshaug

Mange har vore ute

Malkenes fortel at aksjonen fekk ein god start med 700.000 innsamla kroner frå næringsliv og organisasjonar allereie før klokka 16. Nytt av året er at alle kan gi ein slant med Vipps.

Les også: Bruk telefon eller Vipps

På ein sjeldan flott haustdag her i fylket kom det godt med. Mange blei nok møtt med ein liten lapp på døra.

– Vi har fått tilbakemeldingar på at mange ikkje har vore heime, seier Malkenes.

Martin Malkenes

STOLT: Martin Malkenes er debutant som fylkesleiar for TV-aksjonen.

Foto: Privat