Hopp til innhold

I dag er det D-dag for Sanner sin store kommunereform

Klokka 10.00 startar Stortinget sin behandling av kommune- og regionreforma. Om to personar skiftar meining, kan det velta kommunereforma.

Regionreformen

NORGESKARTET: I dag skal Stortinget vedta at Norgeskartet vil sjå slik ut. Den nordlegaste delen (i rosa) vert delt i to regionar.

  • Sjå debatten frå Stortinget lengre nede i saka.

19 fylke skal bli til 11 regionar. Dagens 428 kommunar skal bli til 354, 11 av dei med tvang.

Ingebjørg Godskesen

KAN SNU OM PÅ ALT: Frp-politikar Ingebjørg Godskesen.

Foto: svein sundsdal

86 representantar frå Høgre, Frp og Venstre sit på Stortinget og sikrar fleirtal for kommunereforma. Det er 86 for og 83 i mot, men om Frp-politikar Ingebjørg Godskesen gjer som varsla og går i mot sitt eige parti og stemmer nei, er det plutseleg 85 for og 84 i mot.

Det betyr at det trengst berre ei stemme til for å velta heile kommunereforma, eller at nokon av dei som ville stemt for ikkje møter opp. Ein samla kommunalkomité på Stortinget har støtta forslaget frå regjeringa om frivillige samanslåingar. Men det

Ho vil stemma imot nye regionar. I spørsmålet om kommunesamanslåing har ho ikkje bestemt seg.

– Eg må seie heilt ærleg at eg er veldig usikker. Eg får mange meldingar frå forskjellige delar av landet. Dei ønsker at eg skal gå imot dette. Eg får bruka kvelden og natta, sa Godskesen til NRK i går.

For Sogn og Fjordane gjeld dette i hovudsak kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand, som vart slått saman med tvang 21. februar i år. Trass i tvang, dei tre kommunane vart samde om kommunenamn, kommunesenter og liknande 23. mai i år.

Torsdag 8. juni behandler Stortinget både endringer i kommunestrukturen og ny inndeling av regionalt folkevalgt nivå.

10.00: Sjå debatten direkte.

Trur på historisk dag

17. januar vart det signert ein intensjonsavtale om samanslåing mellom Sogn og Fjordane og Hordaland. 2. februar gjekk fylkestinget i Sogn og Fjordane inn for ei frivillig samanslåing. Høgre, Frp, KrF og Venstre er for regionreforma og har 96 av dei 169 representantane på Stortinget.

– Dette er ein historisk og spennande dag. Det er brei tilslutnad om regionreforma og spådommane er også at alt går igjennom på Stortinget i dag, seier stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel.

Arbeidarpartiet var med å sikre eit fleirtal i fylkestinget for ei samanslåing mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. No har dei snudd, og tysdag vedtok eit representantskapsmøte med 59 mot 10 røyster at dei ikkje lenger støttar regionreforma.

Laster innhold, vennligst vent..