Hopp til innhold

I dag debuterer ho på teaterscena

Det er felespelet og musikken Sigrid Moldestad først og fremst er kjend for. I dag debuterer ho også som skodespelar på Den Norske Scene.

Sigrid Moldestad debuterer på teaterscena i Tonje Glimmerdal

DEBUT: Å halde styre på ein dukkehund er ikkje berre enkelt, fortel Sigrid Moldestad. I dag er det premiere på førestillinga 'Tonje Glimmerdal' i Bergen.

Foto: Thor Brodreskift / Pressbilete

– Eg gler meg, og er veldig spent. Premiere er premiere, og det kom til nokre småjusteringar etter generalprøvane i går. I dag smeller det, seier Sigrid Moldestad.

Som folkemusikar har ho stått på scena i både inn- og utland og sunge eller spelt på fele. Å stå på ei teaterscene som skodespelar er derimot meir framand for ho.

– Maria Parr har skrive eit univers som er så rørande og fint og godt fortalt. Det er ei glede å stå på scena, seie replikkane, synge og spele musikken, fortel Moldestad.

– Aldri borna sin feil

I teateroppsettinga "Tonje Glimmmerdal", eit stykke basert på boka av Maria Parr, spelar Moldestad rolla som Heidi. Ho er dotter til Gunvald på 74 år, som er 9 år gamle Tonje sin aller beste ven i Glimmerdalen. Heidi har vakse opp i dalen, men vart teken med vekk av mora då ho var 12. Dei siste 30 åra har ho ikkje høyrt frå eller snakka med far sin. Ho gjer karriere som felespelar i utlandet, og kjem no heim til Glimmerdalen.

Stine Robin Berg Hansen og Sigrid Moldestad på scena i "Tonje Glimmerdal".

PPREMIERE: Stine Robin Berg Hansen og Sigrid Moldestad spelar Tonje og Heidi på Den Nasjonale Scene i Bergen.

Foto: THOR BRODRESKIFT / Pressebilete

– Det fører til store humørsvingingar og kjensler på alle måtar. Stykket handlar om gjenforeining og at vaksne gjer mykje dumt, og mantraet er at det er aldri borna sin feil, seier Moldestad.

Som soloartist har det å arbeide innanfor så faste rammer som eit teaterstykke er, vore uvant for Moldestad. Det har vore krevjande veker, der alt skal sitje som spikra. Også dialekta.

Publikum let seg gripe

– Det går på sunnmørsdialekt, så no seier alle «ej, mej og dej», briljerer Moldestad som kjem frå Breim i Nordfjord.

Boka som stykket byggjer på er blitt samanlikna med Astrid Lindgren sine klassikarar, og mange norske born har allereie omfamna Tonje Glimmerdal sitt motto «fart og sjølvtillit». Stykket er regissert av Ingrid Fortun og musikken til oppsettinga av nykomponert av Karoline Krüger. Moldestad har late seg imponere av stykket, og det trur ho publikum også vil.

– På prøveførestillingane er ungane med og dei vaksne snufsar. Vi har gråte på øving og ledd masse. Det er både saftig humor og karakterar, og det er ei kontrastfylt førestilling.

Stykket blir spelt fram til 6.mai.