Hopp til innhold

Radøy-ordføraren til topps på lista til Senterpartiet

No er det klart at Radøy-ordførar Jon Askeland blir Senterpartiet sin toppmann på listene til Vestland senterparti.

Jon Askeland toppkandidat i valget til Vestland
Foto: Elise Angell / NRK

SISTE: Aleksander Øren Heen frå Årdal tok 2. plassen på vallista til Vestland fylkeskommune neste år. Heen fekk 115 røyster medan Sigurd Reksnes frå Eid fekk 68.

I dag skal det avgjerast kven som skal toppe lista til Vestland Sp til neste års fylkestingsval. Intern strid i Senterpartiet i Sogn og Fjordane kan føre til at ordførar i Radøy, Jon Askeland, dankar ut alle Sp-toppar i Sp-fylket Sogn og Fjordane.

– Det er ein underleg prosess som eigentleg skulle ha resultert i at Sogn og Fjordane stakk av med førsteplassen på lista, seier politisk kommentator i NRK Hordaland, Sølve Rydland.

Kva som vert resultatet av prosessen han tenkjer på får vi altså vite i dag. Klokka 14 i Bergen nemleg startar nominasjonsmøtet i nye Vestland Sp. Der skal det endeleg avgjerast kven som skal stille til val for partiet i historias første fylkestingsval i nye Vestland fylke.

Overraska hordalendingar

Nominasjonskomiteen har føreslege Radøy-ordførar Jon Askeland på topp etter at dei i utgangspunktet eigentleg ønskte årdølen Aleksander Øren Heen på topp.

Men etter at indresogningane i partiet rauk i tottane på nordfjordingane og sunnfjordingane klarte ikkje dei to fløyene i partiet å verte samde om ein felles kandidat til førsteplassen.

Jon Askeland

OVERRASKA: Radøy-ordførar Jon Askeland er overraska over at han vart føreslegen på topp på lista der hordalendingane eigentleg var samde om at Sogn og Fjordane burde ha topplassen.

Foto: Roy Hilmar Svendsen

Dermed gjekk nominasjonskomiteen for Askeland på topp, medan Øren Heen vart plassert på andreplassen.

– Eg skal ærleg vedgå at eg er overraska. Eg har i alle fall ikkje alboga meg fram til denne jobben, sa Askeland til Bergens Tidende då det interne bråket i Senterpartiet i Sogn og Fjordane vart kjent gjennom avisa.

I Hordaland var partifellane nemleg innforståtte med at Sogn og Fjordane skulle ha førsteplassen fordi partiet står så sterkt der.

– Det kan sjå ut som at det har vore viktigare å få meg ned frå fyrsteplassen enn at Sogn og Fjordane skulle ha førsteplassen. Det synest eg er merkeleg og det er ikkje sånn eg kjenner folk i mitt eige fylkesparti, sa Øren Heen til NRK for nokre dagar sidan.

Uttalen er tydeleg adressert til fløya rundt fylkesleiar Sigurd Reksnes og fylkesordførar Jenny Følling.

SP-bnk under fylkesting

KAMPHANANE: Fylkesleiar Sigurd Reksnes (t.h.) vil er misnøgd med at han ikkje vart plassert høgare opp på vallista. Det kan verte kampvotering mellom han og Aleksander Øren Heen (til venstre for Reksnes) om andreplassen.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Misnøgd fylkesleiar

Dei to sistnemnde var ikkje fornøgde med at dei ikkje vart plasserte høgare oppe på forslaget frå nominasjonskomiteen.

I utgangspunktet var Reksnes plassert på sjuandeplassen. På møtet i dag er det venta at han vil ta opp kampen mot Øren Heen om andreplassen.

– Vi får ta skulda sjølve for at det er Hordaland som no ser ut til å stikke av med førsteplassen, konkluderer Gulen-ordførar Hallvard Oppedal (Sp).