Hopp til innhold

I dag blir Fundo-planane presentert

I dag klokka halv elleve blir planane for ny produksjon ved Fundo i Høyanger presentert på ein pressekonferanse.

Fundo Wheels i Høyanger

Det blir ny produksjon i hallane til Fundo Wheels.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Fundo - siste felgen

Den siste felgen som vart produsert ved Fundo Wheels i Høyanger.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Franske Saint Jean Industries er samde med Innovasjon Norge om å kjøpe pantetet på det såkalla hybridhjulet. Selskapet presenterer i dag planar som inkluderer produksjon av to nye hjultypar til Audi.

Det franske selskapet vil starte opp ny produksjon i Høyanger og det er anslått at produksjonen på sikt kan gje opp mot 170 arbeidsplassar.

Viktig felg for Audi

Det tyske bilmerket Audi har i ei årrekkje vore blant dei viktigaste kundane til Fundo Wheels i Høyanger. Men eventyret tok slutt då verksemda gjekk konkurs i starten av 2009.

Hybridfelgen som vart produsert i Høyanger har vore svært viktig for Audi. Så viktig at dei no vil kjøpe to versjonar av hjulet frå frå Saint Jean Industries som no eig patentet på Fundo-felgen. Det gjer dei allereie for bedrifta har etablert seg i industribygda.

Det er styreformann Emile Di Serio i det franske selskapet som i dag skal presentere dei nye planane.

350 mista jobben

Høyanger har vore i store vanskar etter at Fundo Wheels gjekk konkurs. 350 personar mista jobben då hjørnesteinsbedrifta stengde dørene. No er optimismen tilbake, og mange er spente på planane som blir presenterte i dag.

Kommunen har kjøpt opp industrihallen og skal leige den ut til franskmennene i 18 år fram i tid.

NRK følgjer pressekonferansen som startar klokka 10.30.