NRK Meny
Normal

I dag blir det mykje vind på kysten

Vêrvarslinga har gått ut med OBS-varsel for Vestlandet, og melder liten storm ved Stad.

Vind, regn og paraply i Stavanger

RUSKEVÊR: I dag kjem det til å blåse kraftig på kysten.

Foto: Erik Waage/NRK

– Vi ventar vind over store område, særleg på kysten og i fjellområda, seier, statsmeteorolog Tone Kristin Thaule.

Årsaka til vinden er eit lågtrykk som ligg rett sør for Island.

– Det er på veg inn i Norskehavet i løpet av dagen og vil gi ein god del vind i sin passasje nord for oss, seier Thaule.

For Sogn og Fjordane sin del betyr det i første omgang sør til sørvest kuling, og liten storm ved Stad.

Etter kvart kjem lågtrykket til å gå meir nordover og gje vind nord for Sogn og Fjordane.

– I dag så er det nok Stad som får mest vind, men i morgon kan den hende det bles opp mot liten storm i høgfjellet. Då er det området som får mest vind. Lang kysten er det snakk om frisk bris, og stiv kuling ved Stad. Vinden kjem til å minke ut over dagen, og mot kvelden snakkar vi om skiftande bris, seier Thaule.

Vegopning på Bergum i Førde kommune