NRK Meny
Normal

I dag barkar dei saman om jordbruksmeldinga

Blir det endring og utvikling, eller endring og avvikling? Dette er tema på eit ope møte om jordbruket framover.

Jon Georg Dale, Norges landbruks- og matminister

STILLER TIL DEBATT: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale skal snakke om endring og utvikling på møtet på Skei.

Foto: Jannicke Farstad / NRK
Anders Felde

KRITISK: Fylkesleiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag skal fryktar det går mot endring og avvikling.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Før jul la regjeringa fram ny stortingsmelding om jordbrukspolitikken. I løpet av vinteren og våren vil landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) delta på fleire opne møte der jordbruksmeldinga er tema.

Det første blir arrangert på Skei i dag, der landbruksministeren møter leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag og fylkesleiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag til debatt.

Du kan sjå møtet i nett-TV frå kl. 11.

Vegopning på Bergum i Førde kommune