Hopp til innhold

I arrest for trugslar

Ein mann i 40-åra vart i går kveld pågripen etter at han hadde sett fram trugslar mot ein annan person i Førde. Det er oppretta sak, og mannen sit no i arrest. Politiet vil ikkje seie meir om kva type trugslar det er snakk om, eller kva forhold det er mellom mannen som er pågripen og personen han truga. Saka blir vidare etterforska av Førde og Naustdal lensmannskontor.