Hopp til innhold

Sogndal er budde på å måtte krige for poenga

LA MANGA (NRK): Sogndal Fotball er budde på eit heilt anna kampbilete når dei i år møter lag som Rosenborg, Strømsgodset, Molde og Lillestrøm.

Bjørn Inge Utvik tykte det var ekstremt surt å rykke ned frå elitserien i 2014. Men dertil kjekt å rykke opp att i fjor.

SJÅ VIDEO: Bjørn Inge Utvik og resten av Sogndal er budde på ein tøff comeback-sesong i Eliteserien. (FOTO/REDIGERING: KJELL JØRAN HANSEN/NRK)

I år er det ikkje mot lag som Bærum, Follo, Åsane, Levanger og Strømmen at Sogndal skal kjempe om poeng.

Derimot går slaga på stadion som Lerkendal, Marienlyst, Aker og Åråsen.

– Med tanke på budsjett og slikt, blir vi veslebror i mange kampar. Men vi må vere offensive, våge å stå fram, spele vårt spel, kjempe og ta krigen først. Så vil kampane opne seg, og vi må prøve å stikke fram hovudet for dei avgjerande scoringane, seier Bjørn Inge Utvik.

Blir meir forsvarsspel

Bjørn Inge Utvik

TRIVAST: Bjørn Inge Utvik meiner Sogndal Fotball har dei beste treningstilhøva i Norge. – Alt er på ein stad og det er kort veg frå skule til treningsfasilitetane. Alt ligg til rette for å bli ein betre fotballspelar, seier han.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Den unge midtstopparen frå Avaldsnes skal til på sin fjerde sesong som Sogndal-spelar. Han er uredd i spelarstil, og trivast svært godt i tette duellar.

Det er noko både 20-åringen og lagkameratane hans er budde på vil bli langt fleire av enn i fjor. Forsvarsspelet vil bli viktig når fotballen rullar att.

– Men det trur eg vi skal takle. Vi har hatt bra treningar på det, og leverte okay på det i 1. divisjon. Vi skal stå bra, seier han.

Høgare tempo

For Sogndal er budde på å gå frå eit lag som dominerer, til eit lag som vil bli sett under press. Samstundes vil også sjansane opne seg framover. Då handlar det om å omsetje sjansane.

– Eg håpar vi klarer å ta spelestilen frå i fjor inn i Tippeligaen. Vi må våge å ta meir vare på ballen sjølve, og styre sjølve. Det har vi klart i treningskampane til no, seier han.

– Kva blir den største skilnaden frå i fjor?

– Tempoet vil nok stige på det fleste stadar. Vi må behandle ballen raskare når vi har den sjølv, og må flytte beina endå raskare i press for å vinne ballen.

Er budde på krig

Utvik er ikkje redd for at Sogndal skal lukkast. Han meiner Eirik Bakke no disponerer ei prestasjonsgruppe som er viljuge til å ta «krigen». Både for å vinne kampar, men også for å bli betre.

– Vi har høgt nivå på treningane kvar dag, seier han og vedgår at dei må brette opp ermane og vere skjerpa når alvoret startar i mars.

– Du er budd på krig?

– Ja, det blir krig i år og det er både eg og resten av laget budde på. Men vi gler oss, seier han.