Hopp til innhold

Neste helg kan han tangere rekorden han var med på i 2000

Vestlandsderbyet mot Brann neste helg handlar ikkje berre om siger og tre nye poeng for Sogndal. – Vi ynskjer å gjere sigersrekkja så lang som mogleg, seier Rune Bolseth.

Rune Bolseth applauderer før kampstart

BRANN: Rune Bolseth og Sogndal kan få mykje å juble for etter vestlandsderbyet i Bergen neste helg. Ein siger vil vere den første her sidan 2003, sigersrekkja vil strekkje seg ti sju kampar.

Foto: Fotomontasje: Alf Vidar Snæland/NRK

For sjokktapet heime mot Levanger var ein vekkjar for serieleiaren i 1. divisjon.

Seks strake sigrar seinare Sogndal tangerer klubbens lengste sigersrekkje frå jubelsesongen 2000. Slikt gir spelarane ekstra blod på tann.

– Det er alltid noko ekstra å slå Brann. Om ein att på til tangerer ein rekord, så hadde det vore utruleg moro å gjort i Bergen. Dessutan er det vel 15 år sidan sist vi vann der, seier Rune Bolseth.

– Vi er solide

For å ta det siste først, midtbanespelaren har heilt rett. Mykje har endra seg sidan Sogndal reiste jublande frå «Staddaen» i 2002. Då var begge laga i eliteserien. No er dei i 1. divisjon. Sogndal har overteke rolla som storebror – i alle fall sportsleg.

Kenneth Udjus

KEEPER: Kenneth Udjus er tilbake i Brann etter ei tid i Sogndal og Lillestrøm.

Foto: Brann.no

Sogndal er serieleiar og formlaget, medan bergenslaget har funne forma. Sogndal er rett nok ute av cupen.

– Vi har ikkje vore blendande på noko måte i mange av kampane, men vi har vinnarmentalitet, er trygge på kvarandre og har ståpåvilje i 90 minuttar. I tillegg er vi solide bakover. Åtte baklengsmål på 12 kampar er utruleg bra, seier 34-åringen.

Hugsar 2000 godt

Starten på årets sesong er den beste sidan 1985, og sigersrekkja den lengste på 15 år.

Tommy Øren anno 2000

OPPRYKK: Tommy Øren jublar over sigeren mot Vålerenga i 2000. – Vi var ein gjeng som verkeleg ville, som trena godt og ville bli betre både individuelt og som lag. Eg føler det er mykje det same i år. Spesielt samhaldet, seier Rune Bolseth.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Bolseth er den einaste spelaren på dagens Sogndal-lag som var med då.

– Eg hugsar sesongen veldig godt. Vi var eit ungt lag, mange var ferske for toppfotball og vi kom ikkje i gang før ut på hausten, seier sandensaren.

– Større prestasjon i år

– Divisjonen var meir ujamn då. No er det beintøft mot alle lag. Det er ein større prestasjon å vinne så mange kampar på rad no, held 34-åringen fram.

– Kva betyr det for dykk å vere i ein slik flyt?

Branns Azar Karadas (sittende) og Erlend Hanstveit

TILBAKE: Azar Karadas (sitjande) har siste sesongane spelt for Sogndal, men gjekk i fjor haust til Brann.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Sjølvtillit å byggje vidare på. Vi veit vi har ting å jobbe med offensivt, men slikt blir lettare å ta tak i når resultata går inn og ein er i flyten.

Fekk ein vekkjar

«Bolli» trur flaue 1–3 heime for Levanger var ein vekkjar.

– Etter ein god start tenkte vi kanskje at «dette går fint». Då vi trykte litt for hardt på bremsene, så hadde vi ikkje sjanse, seier Bolseth. Men for kvar siger, kjem poengtapet nærare.

Midtbanespelaren trur ikkje det kjem mot Brann neste helg.

– Vi vil gjere sigersrekkja så lang som mogleg. Etter frihelga no, så blir det ei treningsveke der vi gler oss til det som skal skje i Bergen. Etter mange fæle opplevingar der, så har vi litt å revansjere. Og eg trur vi har god sjanse til å ta den sjuande strake sigeren.

Laster innhold, vennligst vent..