Hopp til innhold

Håpar å sveitte inn 200 000 kroner denne helga

– Vi har bikka 100 000 kroner allereie. Målet er å nå 200 000 kroner, seier Lars Nesset Romundstad.

Sunnfjord Folkehøgskule sitt Bistandsløp

FØR START: Sporty elevar ved Sunnfjord Folkehøgskule gjer seg klare til å springe inn pengar for partnarskulen i Sri Lanka. – Eg gler meg, seier Lars Nesset Romundstad i handsykkelen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Denne helga arrangerer Sunnfjord Folkehøgskule sitt årlege Bistandsløp.

For Lars Nesset Romundstad betyr det endå meir sveitte og timar på hjul mellom Førde og Florø.

– Det er ein kraftanstrengelse, men eg gler meg. I fjor brukte eg ein hjelpemotor opp dei verste kneikane. Den har eg ikkje i år, seier han.

Mål: Å komme i mål

Medan dei fleste elevane tek beina fatt dei vel fem mila mellom sunnfjordbyane, set Romundstad seg på handsykkelen. Tida på 4,5 time i fjor blir vanskelege å slå. Målet er å komme i mål.

Sunnfjord Folkehøgskule håpar denne helga å springe inn 200 000 kroner til partnarskulen i Sri Lanka.

SJÅ VIDEO: Slik ladar folkehøgskuleelevane opp, før dei legg ut på landevegen. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

– Eg håpar å klare det på fem-seks timar, seier han.

Lars Nesset Romundstad

SPENT: – Eg har prøvd å legge opp til trening før arrangementet, men eg er spent på om kroppen vil halde, seier Lars Nesset Romundstad før turen frå Førde til Florø.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det er tredje året på rad at spreke elevar legg bak seg mil etter mil til inntekt for Sunnfjord Folkehøgskule sitt bistandsprosjekt på Sri Lanka.

Halvt skulebudsjett

Målet er samle inn over dobbelt så mykje som dei 92 000 kronene elevane samla inn i fjor. Allereie i går bikka dei 100 000 kroner. Pengane går til partnerskulen Kamam Folk Highs School i Sri Lanka.

Elevane håpar å samle inn halvparten av driftsbudsjettet til skulen.

– Skulen har kring 30 elevar frå stort sett nord i landet, der borgarkrigen herja som mest før den var slutt i 2009. Nokre av elevane er sterkt traumatiserte etter krigen, så det er viktig å få elevane i gang, seier Romundstad.

– Gjeng galningar

Det endelege beløpet elevane klarer å samle inn denne aksjonshelga, vil avgjere kor mykje pengar dei også får gitt to barneheimar som dei støttar i Brasil og Vietnam.

Og klokka 12 i dag går startskotet for den verkeleg styrkeprøven i Bistandsløpet.

– Då legg ein gjeng galningar ut frå Bohus til kyrkja i Florø. Distansen er på 52 kilometer. Dei aller fleste vil gå, jogge eller springe, seier Romundstad.