Hopp til innhold

I år går russen rundt juletreet

Minusgrader og snø og sludd i vinkel er vêret som har prega russetida for mange så langt. Kva er då meir naturleg enn nokre rundar rundt eit juletre?

Russen går rundt juletre

JULETRE: Gange rundt juletreet har blitt populært blant russen i Førde etter at russetida starta med sludd og snø.

Foto: NRK

Kom mai du skjønne milde, heiter det i songen, men til no har denne siste vårmånaden vore alt anna enn mild og fin. Dei siste dagane har det lava ned med store og blaute snøfiller, og fleire stader har det vore kaotiske tilstandar i trafikken.

Og blant dei som har fått merke det kalde vårvêret på kroppen er russen. I løpet av russetida er dei mykje utandørs, men i år har eingongsgrillar og badebukser blitt bytta ut med stillongs og juletre.

– Natt til 1. mai vart vi møtt av eit forferdeleg vêr, det var minus 1 grad. På eit tidspunkt var det så kaldt at eg ikkje kjente føtene mine, så kaldt var det, fortel Elisa Sætre som er russ på Hafstad vidaregåande skule i Førde.

Nye måtar å halde varmen på

Og sidan det ikkje finst verken tjukke boblejakker eller termodressar i russekledesortimentet, har det blitt kalde dagar. Ein skal trass alt vise at ein er russ.

– Det går mest i tynne russefleecejakker og tøysko, så det er ikkje heilt ideelt, seier Sætre og vedgår at ingen legg vekk russekleda for noko meir fornuftig.

– Men ein tek heller ull under, slik at det ikkje viser. Og vi har vore flinke til å kle på oss, men også bruke bilane for å halde oss varme, seier ho.

Men litt aktivitet har også heldt dei varme. Mellom anna ein aktivitet som ikkje akkurat høyrer heime i mai.

– Når det først har vore snø i mai, så kunne vi like gjerne ha juletre også, flirer Sætre.

– Fleire rundar

På Festplassen i Førde har det dei siste kveldane vore stilt opp eit juletre, og der har russen samla seg for å halde varmen. Både svart, blå og raudruss.

– Vi har gått fleire rundar rundt treet, og sunge julesangar medan det snødde. Så det har vore veldig kjekt, seier Sætre.

Samtidig vedgår ho at det slett ikkje var dette vêret dei hadde bestilt til dei vel tre vekene med fest og moro.

– Det er sjølvsagt ein nedtur, men vi får berre gjere det beste ut av det og satse på at det blir betre framover, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Russefeiring på Festplassen i Førde

KALDT: Det har blitt ein sur start på russefeiringa fleire stader i Sogn og Fjordane. Men det har ikkje sett ein dempar, fortel russ i Førde.

Foto: Privat

– Viktig å ta vare på kvarandre

Før russetida startar får ungdomane mange formaningar om å passe på kvarandre. Mai månad er tradisjonelt ein månad der politiet har mange oppdrag, både med russ og med anna ungdom som er ute.

Rusa ungdom og kalde netter er ingen god kombinasjon, og lensmann Åge Løseth i Sogndal kom før russetida i fjor med denne oppmodinga.

– Mai månad kan framleis vere kald, og har du fått i deg for mykje og blir liggjande ute om natta, så kan det gå veldig gale, sa politimannen til NRK.no då.

Og i år har mai månad fått ein ekstra kald og sur start. Elisa Sætre seier russen er oppteken av å passe på kvarandre.

– Det prøver vi uansett kva vêr det er. Vi passar på at ingen blir liggande att og fryse og ikkje ha det bra, seier ho.

Laurdag har vêret betra seg fleire stader i Sogn og Fjordane, og no håpar ho og resten av russen på meir vårlege temperaturar resten av russetida.

– Vêret har gjort det litt vanskelegare å gjere nokre av knutane, men vi har fått til mykje likevel, seier russejenta.