Hopp til innhold

I år er han raskare enn nokon gong

Med NM-gull og personleg rekord både på 60 meter og 200 meter i helga, viste Øyvind Strømmen Kjerpeset at han har teke nye kvantesteg.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

LYNRASK: Øyvind Strømmen Kjerpeset var rask i fjor. I år er han raskare: – Utandørssesongen i fjor var ein draumesesong for meg, og eg er jo allereie betre enn på same tid i fjor. Det ser veldig lyst ut framover mot sommaren. No skal eg berre jobbe knallhardt, seier han.

Foto: Helge Langen / Vestpress

Hekkeløparen susa søndag inn til tida 21,70 på 200 meteren, og med det persa Øyvind Strømmen Kjerpeset seg med 13 hundredelar på distansen.

Til samanlikning la han bak seg 200 meter på 22,01 på same tid i fjor.

– Eg var klar over at eg aldri har vore i betre form, og at det difor ville gå fort. Det var difor eg valde å doble i år, og springe både 60 og 200 i år. Eg visste gullmoglegheitene var der på begge, seier den doble NM-meisteren.

– Slappa av før mål

Strømmen Kjerpeset opplevde ei enorm utvikling i fjor, og vart første nordmann under 50 sekundar på 400 meter hekk . For det er hekkspesialist han er.

I helga viste han også at han er raskast utan hekk. I alle fall innandørs. I kvalifiseringa på 200 meteren starta han forsiktig med 22,51. Han var raskast i semifinalen med 21,94 før han tok det heilt ut i finalen og slo Nickolai Jallow (Tjalve) med 29 hundredelar i kampen om gullmedaljen.

Likevel kunne det gått raskare. Før målpassering roa han ned tempoet.

– Å springe så mange løp som eg gjorde i helga, var meir belastande enn eg trudde. På 200 har eg vore veldig sliten, og eg har slite litt med at hamstringen stivnar til. Det var langt frå ein maksprestasjon, eg har meir inne enn det eg fekk vist

Trenar smartare

Laurdag sette han også ny pers med ni hundredelar på 60 meteren . Då vann Strømmen Kjerpeset med tida 6,92. Her vart lagkamerat Jostein Fossøy nummer seks med tida 7,00.

Med andre ord er den raske floraværingen blitt langt raskare i år. Unødig å seie, det er akkurat farten han har jobba med i vinter. Og det med suksess.

– Eg har fått trena like bra som i fjor, kanskje endå betre. Og vi finn berre smartare og smartare treningsplanar og optimaliserer meir og meir. Når eg då får vere skadefri og trene optimalt over lengre periodar, så er eg så heldig at framgangen kjem, seier han.

Ser fram til Florø Indoor

For Strømmen Kjerpeset er innandørsstemna eit fint brot i ein elles hektisk treningskvardag. Neste helg ventar difor innandørs landskamp, før han vender nasen heim til Florø og Florø Indoor.

– Det er ikkje noko meisterskap, eg har veldig lyst til å gjere det bra i eit elitestemne i Florø, seier han.

– Og då å strekkje persen endå meir på 60 meteren?

– Absolutt. Eg veit eg er god for 6,80, og treff eg skikkeleg på starten trur eg faktisk at eg kan sjå 70-talet. Eg skal angripe så godt eg kan.

Siktar mot EM i Zürich

Men det er utandørs og 400 meter hekk som er hovudfokuset for hekkeløparen frå Florø. Årets store mål er EM i Zürich, og å bli første nordmann under 49-talet på favorittdistansen sin.

– Eg vil ned på 48-talet og hevde meg høgt oppe i EM i Zürich. For å klare det må eg senke persane mine på 200 og 400. 100 meter persen min er allereie sterk, men eg er blitt mykje betre på 60 meter, så det spørst om eg ikkje skal senke den også, gliser han og håpar på eit nytt år der rekordar skal falle.

– Kva med EM-medalje?

– Eg har vist veldig framgang på fart, og får eg trena veldig bra på uthald, så er det ikkje godt å seie. Eg har allereie overraska meg sjølv fleire gonger.

P.S.: I stav vart Tor-Inge Øvrebotten Myrhol nummer åtte med 3,80. Daniel Hessvik Holm følgde på plassen bak med same høgde.