Hopp til innhold

Tidenes sesong for eplemostprodusenten

Familieverksemda Fjordane Gardspresseri i Gloppen er inne i sin tredje sesong og i år er eplemosten ekstra søt og god.

Jann Vestby

FIN PÅ FARGEN: Jann Vestby i Fjordane Gardspresseri syner fram årets gardsmost. I år er den ekstra søt, fortel han.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Sesongen 2014 har vore heilt utanom det vanlege. Både på kvalitet og på volum. Dette vil gå inn i historia som det beste året noko sinne, fortel eigar av Fjordane Gardspresseriet, Jann Vestby.

Tonnevis med eple som summerred, aroma og discovery blir no om til rein gardsmost.

– Det går nok berre nokre få dagar no, så er dette omgjort til eplemost, fortel han. Seks tonn eple er klare til å bli til eplemost i løpet av veka.

I 2012 starta Synnøve Vik Bergstad og mannen Jann Vestby opp bedrifta Fjordane Gardspresseri i Gloppen.

Dei har teke over gardsbruket til foreldra hennar, og i desse dagar er det hektisk produksjon og tapping av gardsmost.

(Artikkelen held fram under biletet)

Familieverksemda Fjordane Gardspresseri i Gloppen er inne i sin tredje sesong og i år er eplemosten ekstra søt og god.

SLIK VERT EPLEMOSTEN TIL: På gardspresseriet er dei i full gong med å tappe årets eplemost på flasker.

– Kjekt med utvikling

Med seg på laget har dei og foreldra til Synnøve, Jon Egil Vik og Eli Bergstad. Dei har ansvar for tapping av eplemost på flaske.

– Dette er veldig kjekt arbeid. Det er ei fornying av det som vi har drive med på bruket her, så det peikar framover og viser at unge folk tek over og utviklar, seier Jon Egil Vik.

Då han sjølv dreiv garden leverte han epla til konsum. Så han innrømmer at det er litt spesielt dei åra ein haustar veldig fin frukt, men som ikkje skal sorterast og leverast.

– Men eg held på å bli vand med det òg, ler Vik.

Også Eli Bergstad, mor til Synnøve, tykkjer det er kjekt å vere med i familieverksemda. Ho er i full gong med å tappe på flasker og passar på at temperaturen er ok.

– Temperaturen må ikkje vere for høg, for då mistar mosten smaken, men så må den vere så låg at ikkje produktet vert øydelagt. Så leverer eg flaskene vidare til Jon Egil som setter kork på dei, forklarar ho.

Også ho tykkjer det er kjekt å sjå at ungdomen tek over, og satsar på noko nytt.

Gardsmosten vert til ...

Jon Egil Vik og Eli Bergstad

GOD HJELP: Jon Egil Vik og Eli Bergstad hjelper til med å tappe eplemosten på flaske. Dei tykkjer det er kjekt å sjå at ungdomen satsar og utviklar.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Jan Vestby står i produksjonslokalet. Han forklarar korleis epla går frå å vere vanlege eple til å bli til eplemost.

– Når vi får eple frå produsenten så tek vi dei inn her i lokalet. Deretter legg vi dei på eit eple-sorteringsbord. Då vert alle epla vaska og vi plukkar ut det som eventuelt skulle vere skada, fortel Vestby.

Deretter går epla inn i ei kvern som lagar ei fin eplemasse. Så er det inn i beltepressa der safta blir pressa ut.

– I kverna får ein med både steinar, stilk og skal, men i pressa vert desse separert.

Etter kvart hamnar eplemosten på store tankar der dei står i 12–14 timar slik at ein får ut ein del av botnfallet. Etter det er det tapping som står att.

Bruker eigne eple

Dei har òg eigne eple i hagen som går til eplemosten.

– Då vil jo veldig mykje av dei epla vere av vanleg konsumkvalitet. Gjennom den foredlingsprosessen som vi gjer, så vil vi auke verdien på sluttproduktet. I tillegg får vi jo pressfrukt frå andre produsentar. Dei har gjerne ikkje det same sukker innhaldet, så då er det viktig å blande, forklarar Vestby.

Den gode sommaren i år har gitt gode resultat for produsenten. I 2012 dei ein sommar utan så veldig høge temperaturar, då fekk dei ein eplemost som var ein god del syrlegare enn det den er i år.

– I år vil nok generelt eplemosten som vi produserer vere søtare.

Då NRK er på besøk er det tappedag. Både flasker og pappkartongar vert fylt opp med årets gardsmost.

– I år vil vi òg få eit veldig stort varelager på grunn av den eplesesongen som vi har hatt, fortel Vestby som forklarar at dei difor har planar om å kome seg ut på litt fleire butikkar.

Ein sort i kvar flaske

Vestby står ved ein stabel med det ferdige produktet.

– Dette skal ut i butikkane og rundt omkring på hotella.

Flaskene til gardspresseriet har ulike fargar. Vestby forklarar at dei berre pressar ein og ein eplesort.

– Då får du med deg det som er særeige ved den eplesorten. Det kan vere alt ifrå farge, smak og elles slike ting, forklarar Vestby.

Han tykkjer eplemosten både er god åleine dersom den er søt, men og saman med mat om du vel eplemost av den litt meir syrlege sorten.

Fjordane Gardspresseri

EPLE PÅ FLASKE: Mykje av epla dei brukar til eplemosten kjem frå garden. Den rosa eplemosten kjem av eplesorten discovery.

Foto: Gro Ravnestad / NRK