Hopp til innhold

I år blir ynsket hennar oppfylt

For fire år sidan ytra Hilde Elvebakk ynsket om å sjå dei blå Førde-draktene i Nordisk Meisterskap. I år skjer det.

Hilde Elvebakk med ballen

NORDISK: Hilde Elvebakk og Førde sine volleyballdamer debuterer kommande sesong i Nordisk meisterskap.

Foto: Rune Fossum / NRK

For første gang stiller Førde volleyballklubb med både dame- og herrelag i Nordisk Meisterskap.

Medan herrelaget har delteke der fleire gonger, er det damelaget sin første sjanse.

– Kanskje spelarane bør vere med og pushe litt på. Det blir gjort mykje dugnad gjennom ein sesong, men det bør vere mogeleg å gjere litt ekstra så vi får høve til å reise, sa Hilde Elvebakk til NRK etter at ho kom tilbake til Førde i 2013 .

Då vart det ikkje noko internasjonal turnering på damelaget. Elvebakk reiste seinare til Oslo Volley. Før førre sesong var ho tilbake i den blå Førde-trøya og var ei av årsakene til at landslags- og Tønsberg-trenar Odd Ekerhovd peika på Førde som gullfavoritt .

Slik gjekk det derimot ikkje. Gullet snappa Randaberg framfor cupmeister Oslo Volley. Førde enda på fjerdeplass i seriespelet.

I den innleiande runden til Nordisk Meisterskap er Førde sett i gruppe med Randaberg, danske Team Køge og engelske Polonia SideOut London.

Gruppespelet skjer i Randaberg.

Herrane, som vart nordiske meistrar i 2011, møter erkerival Viking og danske Hvidovre i gruppespelet i Bergen.

Gruppevinnarane går vidare til finalespelet over nyttår.