I 30 år har Ansgar (82) budd åleine i den veglause grenda

BREMANGER (NRK): Han har hatt to slag, og det er langt til næraste nabo. Likevel er det ingen annan stad Ansgar Hennøen (82) heller vil bu enn på Hennøystranda.

Ansgar Hennøen

BUR ALEINE: I kring 30 år har Ansgar Hennøen budd for seg sjølv i den veglause grenda Hennøystranda.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Det er ein kald og klar vinterdag på Hennøystranda. Med støtte i staven tek Ansgar Hennøen fatt på vegen frå sjøen og opp til huset sitt, etter å ha sett til båtane.

Dei siste 30 åra har han budd i denne grenda aleine.

– Det er i desse svartaste vintermånadene, då er her ikkje noko særleg med folk. Elles er her folk meir eller mindre, i alle fall i helgene, seier han.

Er ikkje einsam

Tidlegare var det opp mot 60–70 innbyggjarar på Hennøystranda. Men utan veg og med få arbeidsplassar, kom fråflyttingsbølgja også hit. Men Ansgar Hennøen ville ingen annan stad.

Sjølv om han bur aleine, er han ikkje einsam.

– Eg kan ikkje akkurat seie det. Er eg einsam, så tar eg på meg støvlane og går ein tur i skogen, seier han.

Han likar seg der, i skogen og på fjellet. Om kveldane kan han sitje heime i stova, elles gjeld det å kome seg ut, og opp.

– Å gå ein tur på fjellet, det er medisin.

Jordbruk og fiske

Tidlegare hadde han mjølkekyr, og dreiv fiske om vintrane. Kyrne har han ikkje lenger, men fisket sit framleis i fingrane. Juletorsken dreg han inn sjølv. Med vande rørsler, hamnar både lyr, lange og nokre krabber i båten.

– Det er no alltid noko å gjere. Du finn alltid eit kvart å gjere viss du vil, seier han.

Ansgar Hennøen

FIN FANGST: Juletorsken syter Ansgar Hennøen for sjølv. Lyr, lange og nokre krabber hamna også i båten denne dagen.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Dei siste åra har 82-åringen hatt to slag, det siste i fjor haust. Men det stoppar han ikkje.

– Eg har sloppe så lett frå slaga som det gjekk an. Men dei har no vore ein åtvaring, det har dei.

På sjukehuset gjekk han ute saman med ein sjukepleiar. I to dagar testa han forma.

– Eg fann ut at det gjekk, så eg reiste heim att. Det å vende heim, det er noko medfødd.

Feirar jul med familien

Hennøen er ikkje aleine i jula, då er slekta hos han. Sjølv har han ikkje eigne barn.

– Er familien din redd for deg når du bur her aleine?

– Redde og redde. Vi snakkar på telefon. Eg har mange samtalar.

Ansgar Hennøen

STYRER SEG SJØLV: Ansgar Hennøen vedgår å vere ein «småkonge» på Hennøystranda.- Ja, her er det ikkje andre som slepp til, ler han.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg er vaksen opp med dette, så det går så godt. Så lenge eg er frisk og førleg og kan bevege meg som eg vil, så går dette ganske bra.

– Gler du deg til jul?

– Sånn delvis. Berre det blir nokolunde vêr, så ein kan ta seg ein fjelltur. Det er det beste av alt.

LANGT FRÅ FOLK: I den veglause utkantbygda Hennøystranda i Bremanger bur 82 år gamle Ansgar Hennøen mutters åleine.