Hopp til innhold

I 2018 kan Kongelaget bli til Dronninglaget

FØRDE (NRK): – Det er like naturleg namn, seier den røynde skyttaren Mona Isene.

Mona Isene

SKYTTAR: Mona Isene er eit kjend fjes på landsskyttarstemna. Ho stemmer for eit nøytralt namn på laget for dei beste skyttarane.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

På årets Kongelag på landsskyttarstemnet er seks av dei femten som har skote seg til plass, kvinner.

Hadde det vore åtte, over halvparten av laget, ville arrangørane kalt laget Dronninglaget. Det er aldri før gjort.

Denne utviklinga gjer at styret i Det frivillige Skytterforbund (DFS) vil formalisere moglegheita namneendring i framtida.

– Vi vil ha namnet i bakhand om det skal bli slik at det blir fleire kvinner enn menn på laget på landskytterstemne i framtida, seier assisterande generalsekretær i DFS, Terje Westvik.

Over 20 prosent av deltakarane på årets landsskyttarstemne i Førde er kvinner. Det er ei utvikling Westvik jublar for.

Ei av skyttarane som har skote seg plass på Kongelaget, er Elisabeth Skudalsnes frå Sande i Gaular.

Vil heller ha kjønnsnøytralt namn

Skyttar Mona Isene har vore kåra til årets skyttarprinsesse to år. Ho meiner det er like naturleg at namnet på laget med dei beste skyttarane er Dronninglaget som Kongelaget.

– Alternativet er jo å finne eit nøytralt namn som kan gjelde uansett om det er flest kvinner eller menn, meiner Isene.

I skyting konkurrerer kvinner og menn i same klassar, men sporten er framleis ganske mannsdominert.

– Det viktigaste er at alle har dei same tilhøva, at det er likt for alle, seier Isene.

Terje Westvik

ASSISTERANDE GENERALSEKRETÆR: Terje Westvik fortel at det var speakeren på arrangementet som først kom med idèen til Dronninglaget, då han såg ut over konkurransen der det no er fleire kvinner som deltek i år enn før.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

Meiner prinsesselaget kan bli overflødig

I rekruttklassen har delen kvinner passert 40 prosent. I framtida vil det kanskje vera mindre mannsdominert i sporten, trur Mona Isene.

– Dersom normalen blir at det er like mange kvinner som menn på Kongelaget, så tykkjer eg kanskje det er naturleg at Prinsesselaget blir avskaffa, seier Isene.

Prinsesselaget er dei som skyt rett før Kongelaget, og består av dei nest-beste kvinnelege skytterane.

Sjølv skaut Mona Isene 99 poeng i litt utfordrande vindhøve på eit finalelag under Landsskyttarstemnet.

Mange lag er blanda med både kvinner og menn, og det er eit godt alternativ for kvinnene også, meiner Isene.

– Dei som før har skote på Prinsesselaget får heller skyte for lag som er blanda av kvinner og menn. Det spelar inga rolle, det viktigaste er at det er likt for alle, seier Mona Isene.

Mest sannsynleg vil Prinsesselaget bestå. Det er fordi størstedelen av deltakarane framleis er menn, melder DFS.

Torsdag kveld 19.30 kan du sjå kongelaget i aksjon på NRK1.

I 2018 er neste moglegheit til at det tradisjonsrike Kongelaget kan bli heitande Dronninglaget, om enda fleire kvinner skyt seg inn.