Hopp til innhold

Hyttekjøpar får ein halv million i erstatning

Rennande vatn på ein kald vinterdag fekk alarmbjøllene til å ringe. No får hyttekjøparane over ein halv million kroner i prisavslag.

Opplevinga av å bli hytteeigarar i Nordfjord for 2,6 millionar kroner vart ikkje like god som ekteparet hadde håpa på. Allereie veka etter kjøpet dukka fekk dei varsel om den første mangelen.

Paret kravde 750 000 kroner i prisavslag for fleire avvik og manglar. Gjennom forsikringsselskapet til seljaren, fekk dei tilbod om 350 000 kroner. Dette vart avvist.

Rennande vatn

Kjøparane meinte at seljar, som også var med å bygge hytta, gav urette opplysningar om tilstanden til hytta. På ein kald vinterdag oppdaga kjøparane at det rann vatn frå hyttetaket utvendig.

I taket fann takstmannen mangelfull dimensjon på sperr og isolering, samt utett dampsperre og dårleg lufting.

Deretter balla det på seg med mellom anna feil og manglar med fundamentering til terrassen og anneks, og feil med ytterveggar.

– Seld som den er

Både seljar og forsikringsselskapet avviste krav om prisavslag og erstatning då saka var oppe i Fjordane tingrett. Dei hevda hytta vart seld som den er, og at alt ansvar for feil og manglar då blir overført kjøparen. Det vart også vist til at enkelte krav vart retta for seint.

Samstundes erkjende seljar manglande isolasjonstjukn, manglande lufting og feilmontert dampsperre i taket. Han var ikkje samd i prisavslaget som ekteparet kravde for dette.

Forsvarar meinte kjøparane ikkje kunne krevje erstatning, då feila var skjulte og utanfor seljar sin kontroll.

Fekk medhald

Retten derimot gav hytteparet medhald i krava sine og viste til avhendingslova, som seier at seljar er erstatningspliktig dersom eigedomen er i vesentleg dårlegare stand enn kjøpar hadde grunn til å rekne med. Dette gjeld sjølv om seljar ikkje kjende eller måtte kjenne til mangelen.

Etter synfaring konkluderte retten med at kjøpar hadde krav på 547 500 kroner i prisavslag og 107 500 i forseinkingsrenter.

I tillegg må seljar og forsikringsselskapet betale 29 300 kroner i erstatning og 5 350 kroner i forseinkingsrenter. Til slutt må dei også dekkje halvparten av kostnadane ekteparet fekk med å hyre fagkunnige.