Hopp til innhold

Hytteeigarar ut mot oppdrettsanlegg

Hytteeigarar på Stavøy i Flora er kritiske og uroa etter at Steinvik Fiskefarm fekk forlenga løyve til mellombels drift. Det skriv Firda. I fire år har det vore drive fiskeoppdrett i området og hytteeigarane har fleire gonger klaga over utslepp, samstundes som dei er uroa over bruken av lusemiddel. Alex Vassbotn i Steinvik Fiskefarm seier til avisa at hytteeigarane ikkje har noko å frykte og at området er godt eigna til fiskeoppdrett.