Hopp til innhold

Hyttebrann på Kyrkjebø

Ei hytte på Kyrkjebø tok i 04.00-tida i natt til å brenne. Dei to personane som ifølgje Alarmsentralen var i hytta kom seg ut og ingen vart skadde i brannen. Det er snakk om store innvendige skader, men årsaka til brannen er ikkje kjend. Brannvesenet er no i ferd med å rydde på staden.