Hopp til innhold

Hytteboom tek av i fylket

Gulen er den mest attraktive kommunen for hyttebyggarar i Sogn og Fjordane. Totalt er det planlagd 2700 hytter i fylket dei neste åra.

Sverre Martin Stensæth

95 NYE HYTTER: Sverre Martin Stensæth viser kvar det planlagde hyttefeltet skal komme.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Ei undersøking gjort av NRK Sogn og Fjordane, viser at godt over 500 nye hytter er venta i kystkommunen Gulen dei neste åra. Sverre Martin Stensæth i Gravdal Prosjektutvikling er ein av dei som satsar tyngs her, med eit nytt hyttefelt på 95 hytter på Dingeneset.

– Hyttene er tenkt plassert her ved innløpet til Sognefjorden, seier han.

Mest attraktive kommunen

Dingeneset i Gulen

POPULÆR KOMMUNE: Mange vil ha hytte i Gulen. Her frå Dingeneset.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Stensæth står mellom bakkar og berg på Dingeneset i Gulen kommune og speidar ut over sjøen. Ein sjø som her inne ligg roleg, avskjerma av holmar og skjer, sjølv om vinden får lyngen til å danse.

Dei 95 hyttene er i underkant av ein femtedel av det som er venta i Gulen kommande åra. Det gjer kommunen til den mest attraktive kommunen for hyttebyggjarar i fylket.

– Det er i alle fall ei stor pågang på dei hyttene som er ledige, seier han.

2700 nye hytter

Det er venta ei storstilt hytteutbygging i Sogn og Fjordane dei neste åra. Ein ringerunde viser at om lag 2 700 hytter er planlagte i 21 kommunar i fylket.

Etter Gulen er det Sogndal som har dei mest ambisiøse planane med rundt 400 nye hytter. Etter det kjem Jølster og Stryn. Blant desse er det hytteutbygging rundt skitrekka som utgjer mesteparten.

I botnen av lista ligg Årdal, Selje og Leikanger kommune. På Leikanger har det ikkje blitt bygd ei einaste hytte dei siste fem åra.

Spennande skjergard

Gulen er suveren for hyttebyggarar. Men kva er grunnen til det? Det er ikkje kvite strender, det er Ikkje skitrekk, det er jo ikkje snø her ein gong. Og på toppen av det heile river kalde vindkast i oss.

– På flotte dagar er det berre heilt utruleg her. Det er varmt og godt, seier Stænseth.

Halvard Oppedal

NØGD ORDFØRAR: Halvard Oppedal seier det er den flotte skjergarden som lokkar.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Ordførar Hallvard Oppedal meiner Gulen kommune er ein av dei flottast i landet. Hyttebølgja som har skylt inn over strandlinja, forklarar han med den spennande skjergarden.

– Det er særs flott for båtturisme. Vi har 1500 øyar, holmar og skjer. I tillegg er det kort veg til Bergen.

I Gulen doblar folketalet seg frå vel 2000 innbyggarar til 4000 om sommaren når hyttefolket er på plass. Det er først i seinare tid det har blitt sånn.

– Vi har ikkje hatt hyggebygging i så veldig mange år her, seier Oppedal.

Populært blant bergensarar

Åse Lene Vatne

LIKAR TURISTANE: Åse Lene Vatne gler seg over at innbyggjartalet blir dobla om sommaren.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Det er stort sett bergensarar og andre frå Hordaland som vil ha hytte i Gulen. På nærbutikken på Dingja, eit steinkast i medvind frå Dingeneset, jobbar Åse Lene Vatne. Ho gler seg til å få nye naboar.

– Eg tykkjer det fantastisk, uansett kven som kjem. Dei er hjarteleg velkomne, for vi har det fantastisk her ute.

Og sjølv om det bles litt i Gulen, so stoppar ikkje det hyttebyggarane.

Dei overser nordavinden, men er sjølvsagt glade når den er vekke.

Planlagde hyttefelt i Sogn og Fjordane

Tala viser kor mange planlagte hytter det er i Sogn og Fjordane, i 21 av 26 kommunar. Ei planlagt hytte er her definert som ei ferdig regulert tomt til fritidsbustad i reguleringsplan som ikkje er bygd noko på. Det er òg brukt skjønn for å utelukke tomter som sansynnlegvis ikkje vil bli bygd på. Tala er delvis henta frå planavdelingane i kommunane og delvis frå hytteutbyggarane sjølve. Det har av ulike grunnar ikkje vore mogleg å få tal frå dei kommunane som ikkje står på lista.

Stryn

 

 

 

Bøanedsetra, Ullsheim

70

 

Bøe

7

 

Svarstadvika

15

 

Rosetmarka

18

 

Rosetmarka 2

35

 

Markane

17

 

Tenden

44

 

Totalt

206

Vik

 

 

 

Fresvik

15

 

Feios

15

 

Vik Fjellandsby

50

 

Arnafjorden

20

 

Totalt

100

Luster

 

 

 

Turtagrø

50

 

Hamregota, Heggmyrane

17

 

Espe, Jostedalen

28

 

Totalt

95

Lærdal

 

 

 

Buhaugane, Filefjell

80

 

Gramstølen

60

 

Aurlandfjellet

7

 

Totalt

147

Gulen

 

 

 

Bremnes, Krekebærtua

35

 

Dyrnappen, Byrknes

38

 

Myrneset

15

 

Taskebotn

16

 

Fløneset nord

8

 

Flolid Hyttegrend vest

22

 

Dingeneset (sør)

95

 

Merkesdalsvågen

63

 

Hjartholm

5

 

Kalvedalen

15

 

Nappen hyttefelt

120

 

Storevågsneset

30

 

Kvernevågen

15

 

Åmdalsvik, Nyborg

50

 

Totalt

527

Hornindal

 

 

 

Harevåde

90

 

Andre

10

 

Totalt

100

Aurland

 

 

 

Vatnahalsen

11

 

Heggerust

29

 

Andre

15

 

Totalt

55

Høyanger

 

 

 

Stordalen

62

 

Totalt

62

Solund

 

 

 

Strembeneset hyttefelt – Pollen

6

 

Klubben Hardbakke

10

 

Vassdalen Færøy

10

 

Leknesøy under regulering

6

 

Engdal

80

 

Solnes

50

 

Totalt

162

Hyllestad

 

 

 

Båtevika

16

 

Breivik

14

 

Kleneset

7

 

Lekva

6

 

Hamneholmen

8

 

Øvre Tveit

13

 

Bråstad

25

 

Totalt

89

Sogndal

 

 

 

Hodlekve

300

 

Andre

100

 

Totalt

400

Årdal

 

 

 

Tyedalen

11

 

Moadalen

10

 

Totalt

21

Flora

 

 

 

Stavang

20

 

Stavøy

10

 

Barlindbotten

20

 

Andre

10

 

Totalt

60

Selje

 

 

 

Alle

15

 

Totalt

15

Gaular

 

 

 

Hestad hyttefelt,Sande

8

 

Gjøset hyttefelt

13

 

Fjellvatne hyttefelt, Viksdalen

10

 

Hoffslåttene hyttefelt, Viksdalen

8

 

Djupedalen hyttefelt, Bringeland

10

 

Totalt

49

Leikanger

 

 

 

Totalt

0

Bremanger

 

 

 

Struen

8

 

Smørhamn

6

 

Andre

15

 

Totalt

29

Fjaler

 

 

 

Kjøsnes på Hellevik

42

 

Steinseth på Guddal

17

 

Steiestølen

10

 

Korssund

3

 

Norddalen

15

 

Andre

25

 

Totalt

112

Jølster

 

 

 

Holtane hyttegrend, Bjørkelia

81

 

Bjørkelia

83

 

Hegrenesåsen, Ålhus

25

 

Gjesdalen

7

 

Bjørndalsneset

13

 

Sandalsteigen

35

 

Totalt

244

Førde

 

 

 

Botnavatnet

4

 

Gjøset (Solheim)

17

 

Vettreiene

6

 

Kråkenes

11

 

Masdalen

18

 

Rørvikfjellet

10

 

Solheim (Farsund)

4

 

Totalt

70

Eid

 

 

 

Harpefossen hyttegrend

140

 

Totalt

140

Tilsaman

 

2683

Ekspander/minimer faktaboks