Hopp til innhold

Orkanen Dagmar reiv hytta av grunnmuren - trefte nabohytta

Fem dagar etter orkanen Dagmar herja, blir det framleis oppdaga øydeleggingar. Hytta til Odd Arne Hagen hamna på nabohytta.

Det er meldt om store skader mange stader i fylket. Hus har blitt øydelagde, campingvogner knuste og stølar har blitt raserte.

Også i Øvstedalen mellom Sogndal og Fardal har Dagmar vore på ferde. Der har ei hytte losna frå grunnmuren og hamna på nabohytta.

For 50 meter avgarde

Johannes Bårdgard eig ei anna hytte like ved og var i dag for å sjå til si eiga.

– Då såg eg hytta som hadde slite seg og reist om lag 50 meter av garde, fortel han.

Det har vore sterke krefter i sving 1. juledag og delar av altanen har også treft taket på Bårdgard si hytte som ligg eit stykke unna.

– Eg har ikkje sett noko liknande før. Hyttene har stått her i mange år og den som blei teken av vinden er bygd på 70-talet. Slikt har vi aldri opplevd her før.

Overraska hytteeigar

Hytteeigaren sjølv, Odd Arne Hagen, har enno ikkje fått sett på skadane etter at hytta er sliten av grunnmuren.

– Eg skal ta meg ein tur opp i morgon for å sjå. No har eg i alle fall kontakta forsikringsselskapet mitt. Eg er spent på kor skadd den er utvendig og innvendig, seier han.

– Kva tenkjer du om at den sterke vinden har teke med seg hytta di?

– Eg hadde ikkje trudd det skulle skje, for hytta har overlevd stormar før. Men når eg ser på TV og i aviser om alle herjingane etter orkanen, så er det ingenting som overraskar meg.

Hytta ser rimeleg uskadd ut frå utsida, men Hagen fryktar for korleis det ser ut inni.

– Eg har mellom anna ein vedomn der. No lurer eg på korleis det har gått med den og med møblene.

Langt frå vegen

Han har sauer i området og hytta på 20 kvadratmeter blir mykje brukt om sommaren. Hagen veit enno ikkje om det går an å få setje den på plass igjen.

Det er ikkje bilveg til hyttene og no om vinteren tek det om lag 45 minutt å gå på ski inn der. Det er ikkje så lett å komme til med maskinar og dermed veit ikkje Hagen korleis han skal få den fjerna frå nabohytta.

– Vi er gode naboar, men han vil sjølvsagt han den fjerna. Dette er ikkje moro for nokon. Det er rett og slett «seigt» når slikt skjer.