Hopp til innhold

Denne helikopterturen tek Martin (95) årleg

Ein gang i året set Martin Skrede (95) seg i helikopteret. På veg til «den beste plassen på jord» ...

Martin Skrede i helikopteret

KLAR: Martin Skrede (95) har dei siste åtte åra teke helikopteret når han skal på Skredestøylen.

Foto: Jesper Sundberg

– Den dagen eg er på stølen, er den beste dagen i livet mitt, seier Martin Skrede (95), set frå seg gåstolen og set seg ned i godstolen.

På veggen heng eit stort og flott panoramabilete av eit helikopter som står på ein grøn stølsvoll. På bordet framføre han ligg ei bok full av bilete og minne frå den beste plass på jord, nemleg Fjellbu, den kjære hytta han sjølv har bygd.

Reiser årleg til hytta

Enkemannen bur for seg sjølv i eit lite hus på Skei. Her bur han godt med gode venner på gardane i nærområdet. Men er det ein plass i verda Martin helst vil vere, så er det på hytta på stølen.

(Artikkelen held fram under videoen)

For 31 år sidan bygde Martin Skrede frå Skei ei hytte i fjellet. Idag er han 95 år og helsa hans gjer det vankeleg for å reise opp i fjellheimen, men det stoppar ikkje Martin. Han gjer kva som helst for å vere på hytta, og dei siste åtte åra har han brukt helikopter som framkomstmiddel

SJÅ VIDEO: Hytta som betyr alt. (FOTO/REDIGERING: ELIAS ENGEVIK/NRK)

Og ein gong i året spanderer han på seg helikopterturen for å komme opp i fjellet, der hytta ligg.

– Kvart år tenker eg at dette er siste gongen, det har eg tenkt på i fem, seks år. Det tenkjer eg på i år også, men greier eg det, så fer eg opp att neste år og, seier han.

Hytte med sjel

Skrede bygde hytta saman med kona si i 1983. Det vart lagt mykje sjel i arbeidet. Steinhellene han la rundt hytta, fann han i fjellheimen. Kjøkkenet bygde han også sjølv.

Martin Skrede

MIMRAR: 95-åringen blir på støylen i eit par dagar. Det gir han mange gode minner.

Foto: Elias Engvik / NRK

På denne tida var helsa god, og dei gjekk ofte den halvannan time lange turen i vanskeleg terreng til hytta på Skredestøylen. Om helsa svikta med åra, så har ikkje lysta til å kome opp dit blitt noko mindre.

– Når eg ikkje greidde å gå lengre, var den einaste vegen for komme seg dit, luftvegen, fortel den entusiastiske 95-åringen.

Nokre dagar i slengen

Det var då han byrja å søkje Jølster kommune om å få lande ved Skredestøylen med helikopter. Då søknaden vart innvilga i 2006, tok han straks kontakt med ein lokal helikopterpilot.

Dei siste åtte åra har det blitt ein helikoptertur kvart år. Saman med venner reiser han opp for å vere der i nokre få dagar. Resten av året kan han mimre, og tenkje framover til neste hyttetur.

– Når du blir gammal, så er det om å gjere å stå på. Du skal ikkje sette deg ned i ein stol. Om du kan ta deg ein tur ut i fjellet, så er det det beste som finst, meiner Skrede.