Hyrar inn videobloggarar

GAULAR (NRK): Reiselivsnæringa har funne ein ny måte å marknadsføre produkta sine på. Siste skrik er at ein hyrar inn populære videobloggarar, for å potensielt nå tusenvis av følgjarar på sosiale medium.

Videoblogging som marknadsføring

– Storslått natur, fjordane, det djupe vatnet og dei mektige elvane! Det er det som fenger, seier den amerikanske videobloggaren Greg Snell.

Han har fått i oppdrag å filme vassdraget Gaula med ein drone og ein Iphone. Resultatet blir ein profesjonell bloggvideo som skal få følgjarane til den populære bloggaren til å få lyst til å reise til Gaular.

Det er gjerne små og lokale verksemder som hyrar inn videobloggarane, og dei får høve til å nå ut til mange fleire enn om dei skulle brukt sine eigne kanalar. Greg Snell seier sjølv at han ikkje tenar seg rik på jobben, men han får høve til å reise rundt og sjå spennande plassar.

Greg Snell på Villa Åmot

SYNER FRAM ÅMOT: Her er Greg Snell på Villa Åmot i Bygstad.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Til gjengjeld får verksemdene som betalar reisa hans mykje god reklame.

– Det er heilt annleis enn tradisjonelt fjernsyn, der reklame er betalt og regissert. Dei brukarane som følgjer videobloggarar gjer det fordi dei er genuint interessert i den personen, seier Snell.

Greg Snell på Dalsfjorden

PÅ DALSFJORDEN: Bloggar Greg Snell har hatt ei veke i Gaularområdet. Her er han på Dalsfjorden.

Foto: Greg Snell / Snell Media

Får store mengder treff

Medan lokale verksemder som Villa Åmot i Gaular har eit par tusen følgjarar på Instagram, kan profesjonelle videobloggarar ha det mangedobla.

Steinar Sørli ved Villa Åmot

NØGD: Steinar Sørli er strålande fornøgd med å få hjelp av profesjonelle bloggarar til å syne fram Villa Åmot, som er ein restaurant og ei operascene.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

– Vi som er små bedrifter lyt tenkje annleis enn store bedrifter når vi skal finansiere slik reklame. Då passar eit slikt prosjekt bra, seier Steinar Sørli ved Villa Åmot.

Bloggar Greg Snell trur det personlege preget som ein blogg eller ein youtube-kanal har, gjer at videoane han lagar treff på ein heilt annan måte enn andre formar for reklame.

– Eg vonar folk ser videoane mine og tenkjer "dit vil eg neste gong eg skal til Norge", seier Snell.