Hopp til innhold

Hyllestad takkar nei til Askvoll og Fjaler

Hyllestad vil etter alle solemerke truleg halde fram som eigen kommune. I dag trakk dei seg frå forhandlingane med Askvoll og Fjaler om ein ny intensjonsavtale.

Morten Askvik

FARVEL: Ordførar Morten Askvik (Sp) og formannskapet i Hyllestad ser ikkje nokon økonomiske fordelar med å slå seg saman med Askvoll og Fjaler, og avsluttar dermed samtalane.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi ser at det ikkje er økonomisk grunnlag for å gå vidare med den, seier ordførar Morten Askvik om kvifor formannskapet gjekk ut av forhandlingane.

Det var Askvoll kommune som fridde til Fjaler og Hyllestad tidlegare i mai. Dei ville ha ei avklaring på om dei to andre kommunane var interesserte i å legge kommunesenteret til Askvoll. Hyllestad trekte seg ut av samtalane i dag, før dette i det heile var tema.

– Det har kome ei ny vurdering av økonomien etter det nye inntektssystemet, og vi ser at i beste fall så blir det status quo dei neste 15 åra, deretter er det eit tap på 35 millionar kroner for dei tre kommunane, seier Askvik.

Til etterretning

I Fjaler registrerer ordførar Gunhild Berge Stang at det nye inntektssystemet for kommunane har fått Hyllestad til å hoppe av.

Gunhild Berge Stang

Ordførar i Fjaler, Gunhild Berge NYE VURDERINGAR: Stang (V) seier kommunestyret no må ta stilling til kva dei skal gjere vidare.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Vi tar avgjerda til formannskapet i Hyllestad til etterretning, seier Berge Stang.

No skal kommunestyret i Fjaler gå ei ny runde for å finne ut om dei skal gå vidare med forhandlingane med berre Askvoll. Askvoll har sett som vilkår for samanslåing, at dei får kommunesenteret.

– No vil vi vurdere korleis dei ulike nøklane slår ut i forhold til ein kommunane Askvoll, Fjaler og Hyllestad, kontra ein kommune av berre Fjaler og Askvoll. Og så må vi og gjere ei større vurdering av kravet om kommunesenter, seier Berge Stang.

Vidare åleine

I Hyllestad er det no opp til kommunestyret å avgjere kva som skje vidare.

– Vi har ingen andre nye intensjonsavtaleforhandlingar på tapetet no, seier Askvik.