NRK Meny
Normal

Hyllestad-ordførar varslar kutt i kommunale tenester

LEIKANGER (NRK): Det var ein slagen Morten Askvik (Sp) som torsdag fekk sjå følgjene som framlegget til neste års statsbudsjett får for Hyllestad kommune.

Hyllestad-ordførar Morten Askvik og rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad.

SKUFFA: Hyllestad-ordførar Morten Askvik (t.v.) har all grunn til å gni seg i hovudet etter regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett. Sogndal og rådmann Jostein Aanestad (t.h.) kan derimot smile over tre prosent meir i frie inntekter.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Folketalet i kommunen har vore i nedgang siste åra, frå 1.469 innbyggjarar i 2011 til 1.408 så langt i år. Med 40 heilt arbeidslause, slit kommunen også med den høgaste arbeidsløysa i fylket.

– Budsjettet vil berre medverke til å auke problema for Hyllestad kommune, slår Hyllestad-ordføraren fast.

Eid best ut

Regjeringa vil løyve auke kommunen sine frie inntekter med 1,3 millionar kroner neste år. Med ein prosentmessig vekst på 1,3 prosent er det blant dei dårlegaste i fylket.

Berre Fjaler, med ein vekst på 1,1 prosent, kjem dårlegare ute. Eid kjem best ut i fylket med ein auke på 4,8 prosent. Pris- og kostnadsveksten er på 2,5 prosent.

Overføringar til kommunane Sogn og Fjordane

Kommune

Anslag på frie inntekter

Vekst frå anslag på rekneskap

Prosent

Flora

681.742.000

15.647.00

2,3

Gulen

169.846.000

4.506.000

2,7

Solund

68.656.000

1.874.000

2,8

Hyllestad

101.106.000

1.337.000

1,3

Høyanger

256.567.000

3.598.000

1,4

Vik

181.368.000

2.547.000

1,4

Balestrand

95.872.000

1.226.000

1,3

Leikanger

142.689.000

3.323.000

2,4

Sogndal

422.919.000

12.539.000

3,1

Aurland

120.561.000

1.557.000

1,3

Lærdal

140.780.000

3.632.000

2,6

Årdal

311.392.000

7.207.000

2,4

Luster

317.691.000

6.175.000

2,0

Askvoll

199.911.000

3.638.000

1,9

Fjaler

201.365.000

2.263.000

1,1

Gaular

196.649.000

5.384.000

2,8

Jølster

192.665.000

2.592.000

1,4

Førde

721.300.000

18.429.000

2,6

Naustdal

184.810.000

4.335.000

2,4

Bremanger

260.117.000

3.247.000

1,3

Vågsøy

356.520.000

7.607.000

2,2

Selje

177.893.000

3.722.000

2,1

Eid

347.253.000

15.912.000

4,8

Hornindal

85.034.000

1.248.000

1,5

Gloppen

364.574.000

10.050.000

2,8

Stryn

426.812.000

8.669.000

2,1

Fordelast gjennom året

6.100.000

Sogn og Fjordane

6.732.190.000

151.815.000

2,3

Fylkeskommunen

2.353.890.000

19.188.000

0,8

Askvik er ikkje overraska, men svært skuffa over framlegget regjeringa presenterte i dag.

– Statsbudsjettet vil ikkje medverke til å løyse utfordringane Hyllestad står overfor, med høg arbeidsløyse, nedgang i folketalet og dei problem som dette fører med seg, seier Askvik skuffa.

Mindre skjønnsmidlar

Hyllestad-ordføraren trur folketalsutviklinga blir nytta som forklaring på dei manglande overføringane.

Jølster-ordførar Oddmund Klakegg og Hyllestad-ordførar Morten Askvik.

UNDER SNITTET: Både Jølster-ordførar Oddmund Klakegg (t.v.) og Hyllestad-ordførar Morten Askvik konstaterer at dei kjem dårleg ut framlegget til statsbudsjett for 2018.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

At fylkesmannen får mindre skjønnsmidlar for å jamne ut skilnader mellom kommunane, uroar Askvik. Hyllestad har siste åra vore ein gjengangar i denne køen.

– Det har vore heilt avgjerande for å halde drifta i balansen. Eg fryktar også at inntektsgarantiordninga på skatteinngangar kanskje ikkje blir så god. Eg ser vi har hatt ein låg skatteinngang siste åra, så eg håpar den blir halden oppe, seier han.

Må jobbe med utvikling

– Men er det ikkje fornuftig å prøve å fordele skjønnsmidlar, og ikkje favorisere distriktskommunar som Hyllestad?

– Skjønnsmidlar skal brukast til skjønn. Er det slik at nokon treng dei meir enn andre, så må pengane gå dit og ikkje fordelt likt. Elles er det ikkje skjønnsmidlar.

Askvik meiner kommunen har gjort dei strukturgrepa dei kan gjere. Skal det sparast meir, må dei gå på kvaliteten på dei kommunale tenestene.

– Statsbudsjettet legg opp til nedgang i kvaliteten på kommunale tenester i Hyllestad, slår han fast.

– Korleis skal det løyse dette?

– Vi må jobbe med utvikling av kommunen. Næringsutviklinga er alfa og omega å jobbe vidare med, for å få å skape folketalsutvikling som går i ei betre retning.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy