Hopp til innhold

Hyllestad-ja til legevaktsamarbeid

Hyllestad kommune sa i går ja til legevaktsamarbeid i Sunnfjord, men berre om ambulansetilbodet står ved lag.

- Vi gjev ikkje frå oss alt, seier Tore Bråstad, Senterpartiet sin ordførarkandidat i Hyllestad.
Foto: MMS- Privat

Helse Førde har varsla omfattande kutt i ambulansar, noko som har gjort lokalpolitikarane usikre på dei planlagde legevaktsamarbeida i fylket .

LES OGSÅ: Store ambulansekutt i vente

LES OGSÅ: Krev ambulansekutt utgreidd

Ordførar Tore Bråstad i Hyllestad seier at dersom ambulansestrukturen vert endra vil ein måtte vurdere saka på nytt.

Hyllestad gjer dermed same vedtak som politikarane i Fjaler gjorde på måndag. Tysdag sa også jølstringane vaktsamarbeidet .