Hopp til innhold

Hyllestad blir omstillingskommune

Hyllestad blir hovudsatsinga for det fylkeskommunale omstillingsarbeidet i 2014 og 2015. No håpar ordføraren at kommunen skal få fart på arbeidet med å lokke nye bedrifter til området.

Jan Olav Gjerde

FÅR PENGAR TIL OMSTILLING: Ordførar Jan Olav Gjerde gler seg over at Hyllestad kommune får pengar til omstilling både i år og neste år.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I går vedtok hovudutvalet for plan og næring i Sogn og Fjordane fylkeskommune å gje fråflyttingskommunen tre millionar kroner. Pengane skal gå til omstillingsarbeid i år og neste år.

Ordførar Jan Olav Gjerde (Ap) vedgår at det er kjærkomne pengar i ei slunken kommunekasse.

– Dette betyr at vi ved sidan av det kommunale budsjettet kan drive med tiltak som styrkar næringsstrukturen i kommunen, og som kan danne grunnlag for å få fleire til å flytte hit, og fleire arbeidsplassar, seier ordføraren.

Den dårlege trenden held fram

Den vesle kommunen i Ytre Sogn har slite med fråflytting i ei årrekkje. Fjoråret vart ikkje noko unntak, då gjekk folketalet ned med ytterlegare 39 personar.

– Eg synest det er litt rart, for det skjer veldig mykje i Hyllestad for tida. Likevel ser vi at folketalet går ned, seier ein oppgitt Jan Olav Gjerde.

I tillegg til Hyllestad får også Askvoll, Årdal og Lærdal forlenga sin status som omstillingskommune.

Fråflytting og einsidig næringsliv

For Hyllestad sin del er grunngjevinga for å løyve tre millionar kroner til omstilling ein kombinasjon av fråflytting, og eit einsidig næringsliv i kommunen.

– Hyllestad er hardt råka av fråflytting. Kommunen er i tillegg heilt basert på hjørnesteinsverksemda ved verftet til Havyard i Leirvik. Kanskje bør dei prøve skape noko anna rundt det, seier Hilmar Høl som er leiar i hovudutval for plan og næring.

Vil gjere seg lekre for bedrifter

Og ordføraren i Hyllestad har planen for pengane klar. Han håpar kommunen skal greie gjere seg lekker for bedrifter, slik at fleire vel å etablere seg nettopp der.

– Vi hadde for kort tid møte med ei spennande bedrift som snusar på Hyllestad Utviklingspark i Leirvik. Allereie for nokre år sidan starta selskapet Multivolt opp der, og dei vil no utvide ganske kraftig. I tillegg har vi fleire bedrifter som vi rettar oss mot for å sjå på moglegheitene for oppstart, seier Gjerde.