Hyllar Sogn i Joni Mitchell-låt

I helga vart vinnaren av gjendiktingskonkurransen LittLarm kåra under årets Bygdalarm-festival. Vinnaren vart Eli Bjørhusdal med sin hyllest til Sogn.

LittLarm

FULLT HUS: I strålande sol vart det likevel fullt hus i Kabuso under avviklinga av den fjerde LittLarmen.

Foto: Privat

– Dette var veldig overraskande, men utruleg kjekt, seier Bjørhusdal.

LittLarm er eit samarbeid mellom festivalen Bygdalarm, Kvam Mållag, og Kunsthuset Kabuso. I år gjekk gjendiktningskonurransen ut på å gjendikte ein av songane til Joni Mitchell.

Deltakarane får stor fridom, det viktigaste er å fange opp stemminga og bodskapen i originalteksten, og at teksten er skrive på nynorsk eller dialekt.

Soleklar vinnar

Det var ein samla jury som plukka ut Eli Bjørhusdal sin song «Sognamorgon». Songen er ei gjendikting av songen "Chelsea Morning", av Joni Mitchell.

Bjørhusdal kjem frå Dale i Sunnfjord, men no bur ho i Jostedalen. Ho har alltid vore glad i å skrive, og tenkte det var ein kjekk konkurranse å vere med på. Vinnaren er ingen stor tilhengar av Joni Mitchell, men seier at ho er ein undervurdert tekstforfattar, og at ho tykkjer om songane.

– Joni Mitchell skriv nydelege tekstar, så det var kjekt å vinne med min versjon av hennar teksyar, seier Bjørhusdal nøgd.

Av alle dei 33 bidragene skulle medlemmane i juryen plukke ut tre bidrag dei likte best. Alle i juryen plukka ut Bjørhusdal som sin favoritt, og ho vart dermed ein soleklar vinnar i konkurransen.

Juryen trakk mellom anna fram det fine med å bruka «Hellekaker og espresso», i staden for «milk and toast and honey».

(Artikkelen held fram under biletet)

Eli Bjørhusdal

VINNAR: Eli Bjørhusdal vart vinnaren av LittLarm i helga.

Foto: Privat, Foto: Marit Aa. Tennø

Imponerte juyren

Juryen i år var sett saman av forfattarar, representantar frå ByLarm, og musikarar. Juryleiar i år var Brit Bildøen som har skrive fleire prisvinnande romar, og diktsamlingar. Ho seier juryen var imponert over det høge nivået på deltakarane.

– Eg syns det var veldig fint å sjå at så mange av tekstane hadde ei lokal vinkling, og vinnarsongen var rett og slett fantastisk. Ho hadde klart på ein heilt unik måte å gjere om ei storbystemning til ei lita bygd i Sogn, seier forfattaren.

Populær

I helga under BydaLarm vart vinnarlåten framført av eit husband som bestod av Heidi Marie Vestrheim og Nan Espeseth. Framføringa kalla på både gåsehus og tårar hjå publikum. Vinnaren sjølv er på ferie og var ikkje til stades under framføringa.

Bildøen fortel at songen raskt vart populær, og at det er mange som har kome til juryen i ettertid av framføringa og sagt at songen er så bra at den må bli spelt inn for at fleire skal få høyre den.

– Eg skjønar godt at folk vil høyre den igjen. Den er rett og slett utruleg musikalsk og poetisk, skryt Bildøen.

«Sognemorgon»

Stod opp, det var ein sognemorgon,
og det fyrste eg vart vâr
var ein tone utfor glaset,
der i lufti still og klar
kom han ringlande frå storbreen,
frå gjøl og over rindar

Å kan du bli
Lat dagen vår gli
Natti kjem med austavindar

Stod opp, det var ein sognemorgon,
og det fyrste som eg såg
var ei sol nett bak gardina,
og ein regnboge som låg
over bleik tapet med fargespel,
purpur, koboltblått og sitrus

Å kan du bli
Lat dagen vår gli
Kvart sekund er sol og sirkus

Og gardina opnar seg og gjev eit dagsportrett:
I kvar bjørkekrull er grøne rom
Ein jonsokblom
Ein sommar som
ventar på å bli sett

Stod opp, det var ein sognemorgon,
og det fyrste eg forsto
var at hellekaker venta,
og espresso heit som glo
Eplesyltety og rømme skein
i gull med morgonsoli

Å kan du bli
Lat dagen vår gli
Me skal bruka verb i notid

Når gardina dreg seg att og regnbogen forsvinn
skal eg gje deg ljos om det er natt
og dagen att
og sommar att
om du kan vera min
Fine guten, kan du
stå opp i ein sognemorgon?